Gjestekommentar: Med fritidskortet til KrF får alle vera med på laget

Det skal ikkje vera slik at det er lommeboka til foreldra som avgjer om barna i Nye Øygarden kommune får bli med på fritidsaktivitetar.
Av Torill Selsvold Nyborg, ordførarkandidat KrF, Nye Øygarden kommune

For mange barn og unge er det umogeleg å delta på fritidsaktivitetar saman med jamnaldrande, fordi familiane ikkje har råd. Det gjer at barna vert haldne utanfor viktige sosiale arenaer, der dei kan oppleva meistring og samhald.

Mange foreldre fortel at fritidsaktivitetar er i ferd med å skapa eit klasseskilje, og mange ristar på hovudet over kor dyrt det er. Det skal ikkje vera slik at det er lommeboka til foreldra som avgjer om barna skal få vera med. Det kan vi ikkje godta.

Derfor har KrF fått gjennomslag i regjeringa for at alle barn og unge mellom 6 og 18 år skal få eit fritidskort, for å betala for ulike fritidsaktivitetar. KrF vil at dette skal ha ein verdi på minimum 2000 kroner, og at kommunen i tillegg kan auka beløpet viss dei ynskjer det.

Eit slikt fritidskort skal dekka faste organiserte aktivitetar. Det å delta på organiserte fritidsaktivitetar er særs viktig for at alle barn skal få vera med og vera ein del av fellesskapet, bli inkludert og kjenna tilhøyrigheit.

Å investera i barn er å investera i vår felles framtid. Ved å gje barna tilgang til fritidsaktivitetar, kan fleire få blomstra og oppleva meistring. Dei vert ein del av eit fellesskap, der dei kan bli sett og fylgt opp av trygge vaksne.

Med vårt fritidskort gjev vi barn og foreldre ei handsrekning. Det vil gjera at færre barn føler seg utanfor og fleire vert inkludert. Dette vil utgjera ein forskjell i liva til mange barn!

Regjeringa set av 10 millionar kroner til eit prøveprosjekt med fritidskort i Arendal og Vadsø. Vi i Nye Øygarden kommune er klare for å vera neste kommune som får det.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.