Justisministeren om ungdom og rus: Liberalisering inga løysing

Politiet må framleis ha heimel for kunna gripa inn når dei ser unge bruka narkotika, men vi må finna ei ordning slik at ungdomane ikkje pådreg seg eit rullebladet og får øydelagt sjansen til ein framtidig jobb.

-Vi må tørra å snakka om rus, og særleg narkotika, som eit aukande problem mellom ungdom på Sotra, seier FrP sin ungdomskandidat Marianne Garlid Johannensen til justisminister Jøran Kallmyr.

Å snakka om rus er hysj, hysj på Sotra, hevdar Marianne Garlid Johannessen (18). FrP sin ungdomskandidat til kommunestyret i nye Øygarden ønskjer å bryta tabuet:

Aukande problem
-Vi må tørra å snakka om rus, og særleg narkotika, som eit aukande problem mellom ungdom på Sotra. Dei yngste byrjar så tidleg som i 8. klasse, hevdar Garlid Johannessen.

Stadig fleire av jamnaldringane hennar har anten prøvd sjølv, eller kjenner nokon som har gjort det. Lett tilgang til ulike rusmiddel, særleg i Bergen, er noko av forklaringa. Manglande kunnskap om fårene er og medverkande, seier Garlid Johannessen som tok opp problemet ungdom og rus med justisminister Jøran Kallmyr (41) (FrP) då han vitja Rong i dag.

Trur på ungdomen
Justisministeren ser utfordringa. Mange av dei som under hans oppvekst ville tydd til alkohol, prøver i dag narkotika. Justisministeren har likevel tru på ungdomen:

-Sjølv om dei har prøvd rus, betyr ikkje det at dei ikkje kan verta kjempeflotte ungdomar. Ungdomen i dag er jamnt over både mykje flinkare og snillare enn då eg vaks opp, smiler han.

Sosial kontroll
Sjølv har Kallmyr tru på haldningsskapande kampanjar.
-Det må verta populært å seia nei, men det sosiale kontrollen er det berre ungdomen sjølv som kan utføra, seier justisministeren.

Å jobba med haldningar er viktig. Samstundes må ein tydeleggjera at ungdomane risikerer å øydeleggja for seg sjølv. Bruk av narkotika kan få alvorlege langtidsverknadar, som øydelagte jobbmogelegheiter og psykiske problem, åtvarar Kallmyr.

Feil medisin
Narkotikabruk er eit stort samfunnsproblem. Før eller seinare vert gjerne politi og barnevern kopla inn.

I Venstre, ein av FrP sine tre regjeringspartnar, er det krefter som ivrar for liberalisering av bruk av narkotika. Det er feil medisin, slik Kallmyr ser det:

-Med ei liberalisering vil ikkje Politiet lenger ha heimel for å få dømt unge brukarar til å verta rusfri, seier han.

Heimel for tiltak
– Politiet må framleis ha heimel til å gripa inn og ileggja ungdomane straff, med krav om oppfølgjande kontrollerande tiltak, som urinprøvar. Det har dei heimel for med dagens narkotikalovgjeving, seier justisministeren.

Unngå rulleblad
-Det viktige i denne samanhangen, er å få til ei ordning slik at ungdomane som kjem i kontakt med Politi og barnevern ikkje pådreg seg eit rulleblad som øydelegg framtidssjansane deira på jobbmarknaden. Eg er sikker på at mange av dei er kjempeflotte ungdomar, seier justisminister Jøran Kallmyr.

Politiet har dei siste åra byrja opptre mindre aggressivt ovanfor slitne misbrukarar. Når talet på narkotikasaker har gått ned med 27 prosent siste åra, er det fordi Politiet i større grad lar brukarane i fred, ifølgje justisministeren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.