Freistar med sør-afrikanske godbitar

Biltong er Sør-Afrika sitt svar på spekekjøt. No lagar dei han pao Voss.

Mat «vandrar». Ekstremsportmiljøet lokka Timothy og Matthew Doms frå Cape Town til Voss. No har dei starta firma og teke til å produsera heimlandet sin populære snack og turmat i den nye heimbygda si.

Brødrene Matthew (tv) og Timothy Doms lagar biltong etter sør-afrikansk oppskrift pao Voss.

Opp gjennom historien har menneske rundt om på kloden utvikla ulike måtar å konservera kjøt og fisk for oppbevaring over lengre tid. Biltong var dei sør-afrikanske boerane sin metode å konservera kjøt for lange reiser.

Vanlegvis vert biltong laga av storfekjøt, skore i lange, smale strimlar, salta og tørka. Dei tørre strimlane vert deretter kutta opp i mindre bitar. Under oppveksten i heimlandet lærte Doms-brødrene kunsten i laga biltong frå grunnen av, fortalde Timothy då nettavisa Tunnelsyn.no møtte dei to på Bondens Marked.

Pao Voss tørkar dei kjøtet under kontrollerte tilhøve. I løpet av 2 – 5 døgn vert vekta redusert med nærare 60 prosent. Resultatet er ein proteinrik snack og turmat som er lett å like og lett å bæra med seg. Chili-variantane bit skikkeleg på tunga.

I Sør-Afrika vert biltong også laga av vilt og struts. Han er dessutan å få kjøpt i fleire ulike smaksvariantar. Pao Voss har dei eksperimentert med både hjort og elg, så langt utan å ha klart eit kommersielt produkt, men det kjem lovar Timothy og Matthew Doms.

Les: Skal gjera mat til god integrering

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.