Fekk du med deg overraskinga i valdebatten på NRK?

Medan det i fleire mindre politiske parti har vore murra over å ikkje verta invitert til å delta i NRK sin valdebatt, var det eit av dei inviterte partia som valde å utebli i dag.

Frå dagens valsending: fv. journalist Oddgeir Øystese, Maria Thomassen (MDG), Marianne Sandahl Bjorøy (A), Tom Georg Indrevik (H) og Svein Otto Jacobsen (FrP).

Avviklinga av NRK Hordaland sine valdebattar er eit omfattande logistisk puslespel. For at valsendingar frå 24 kommunar skal vera praktisk gjennomførbare, har NRK valgt å avgrensa kvar debatt til fem politiske parti, forklarte debattleiar Oddgeir Øystese til nettavisa Tunnelsyn.no i etterkant av dagens debatt i solskinet framfor rådhuset på Straume.

Tolv politiske parti stiller liste til kommunevalet i nye Øygarden. Helst ville programleiaren hatt eit utval som kunne representera dei geografiske spenningane i kommunen, men det hadde vore vanskeleg å få til.

Møtte ikkje
Dei tre største partia på meinigsmålingane, Arbeiderpartiet, Høgre og FrP, var sjølvsagte deltakarar. Dei mindre politiske partia skal ha ein representasjon, fylket sett under eitt.

Under sendinga i dag var Folkeaksjonen nei til bompenger og Miljøpartiet de grønne peika ut til å representera breidda i den lokale politikken.

Medan det i fleire mindre politiske parti har vore murra over å ikkje verta invitert til å delta, uteblei Folkeaksjonen nei til bompenger frå dagens sending, utan at nokon hadde fått noko forklaring på kvifor.

Les: Gjestekommentar: Demokrati?

Kva med klima og miljø?
Maria Thomassen (MDG) fekk sin TV-debut under dagens sending.

-Kjempekjekt, seier 26-åringen. Gjennom seks år i partiet har ho blitt kursa i handteringa av akkurat slike situasjonar.

Då var det mindre kjekt at klima- og miljøspørsmål ikkje var noko tema i debatten. Kva med miljørekneskapen til Fjell? Vil han verta vidareført i den nye kommunen, undrast MDG-representanten.

Hurtigbåt?
Stort sett nøgd var også Svein Otto Jacobsen (FrP). Ingen av spørsmåla kom overraskande. Dei fire paneldeltakarane var stort sett samde om det meste – med unnatak av spørsmålet om hurtigbåt, då.

-Hurtigbåttilhengjarane sin argumentasjon heng ikkje saman med miljøengasjementet deira. Det finst i dag ikkje nokon alternativ til dagens sterkt forureinande teknologi. Etter at batteriferga vart teken i bruk på Halhjem – Sandvikvåg har reisetida blitt forlenga med ti minutt.

-Ein batteridriven båt vert i alle fall ikkje nokon hurtigbåt, hevdar Jacobsen.

Tåkela
For lita tid til å utdjupa og grunngje meiningane, beklagar Marianne Sandahl Bjorøy (A). Ho kunne gjerne ha sagt meir om nettopp behovet for ein hurtigbåt til Sotra.

Dei offentlege tenestene kunne ho og ha snakka meir om. Slik det vart no, oppstod det ein kunstig diskusjon om frivillige organisasjonar, private og offentlege tilbydarar som tåkela den eigentlege diskusjonen, tenkjer ordføraren i Fjell.

-No handlar det om å konsolidera den nye kommunen. Eit hovudprosjekt som alle dei politiske partia er opptekne av, og som vi har ulike innfallsvinklar til korleis skal gjennomførast, konstaterer Sandahl Bjorøy.

Konkurrerer med Os
Ein grei debatt. Innleiarane hadde plukka ut dei sakene som har størst offentleg interesse, sjølv om tida var for kort til å få fram nyansane i politikken, oppsummerer Tom Georg Indrevik (H).

Eigedomsskatten skulle Indrevik gjerne ha snakka meir om. Få fram betydinga av at vi konkurrerer med Os om etableringa av nye arbeidsplassar. Skal nye Øygarden vera konkurransedyktig, kan vi ikkje tilby næringslivet dårlegare vilkår.

To spanande veker
-Arbeiderpartiet sin ideologi haltar når det gjeld tenesteproduksjonen til innbyggjarane. Dei er opptekne av at det offentlege skal gjera jobben. Vi er meir opptekne av kvaliteten enn av kven som leverer, seier Indrevik som ser fram til to spanande veker.

Advertisements

1 Comment

  1. Det er ganske interessant at et parti som FNB som snakker med så store bokstaver uteblir når de får åpen mikrofon og kan nå ut til velgerne.

    Dette var andre debatten i dag de uteble fra, og jeg må si at det overrasker meg ikke. Grunnen for det er at det har vist seg at i de andre debatten som har vært, så har FNB bidratt med fint lite.

    De har ingen plan eller tanker de vil dele med tilhørerne annen enn at de vil si nei til bompenger. Problemet med det er bare det at det ikke er noen bompenger å si nei til i nye Øygarden kommune.

    Det vil heller ikke komme noen bompenger i kommende periode. Så hva skal de da snakke om når de ikke har noen plan å meddele sine potensielle velgere?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.