Ressurssterke kvinnelege etablerarar

Det står langt sjeldnare kvinner bak når nye verksemder vert etablert i øykommunane vest for Bergen enn i resten av landet.

Kvinnelege gründarar i Fjell, Sund og Øygarden dei første sju månadane i år, av alle nyetableringar.

Det viser ein analyse nettavisa Tunnelsyn har gjennomført på bakgrunn av nyregistreringane i Brønnøysund dei sju første månadane i år.

Kvinner stod bak berre 21 av totalt 130 nyetableringar i Fjell, Sund og Øygarden i perioden.

Prosentvis kvinneandel bak nye einkeltpersonføretak og AS i nye Øygarden samanlikna med resten av landet.

Vegrar seg
Medan norske kvinner i snitt står bak 39 prosent av alle personleg eigde føretak og 19.8 prosent av alle nye AS, er tala for nye Øygarden henhaldsvis 7 og 14,9 prosent.

Siste tilgjengelege tala frå SSB er for 2017. Med forbehald om at det kan vera årlege variasjonar, og at tala for heile 2017 vil sjå noko annleis ut, avslører dei lokale tala at avstanden mellom dei kvinnelege gründarane i øykommunane vest for Bergen er vesentleg større enn i resten av landet.

Føretrekkjer AS
Kvinner i Fjell, Sund og Øygarden, vegrar seg med andre ord i større grad for å satsa framtida på eiga verksemd enn kvinnene i resten av landet. Om dei no likevel først vel å gjera det, føretrekkjer dei eige aksjeselskap framfor eit personleg eigd føretak.

Ressurssterke
Å starta eige aksjeselskap krev ein minimumskapital på 30.000 kroner. Ein kapital langt frå alle har tilgang til. Tala avslører dermed at det i større grad er økonomisk ressurssterke kvinner som vel å verta etablerarar i nye Øygarden samanlikna med landet elles.

Tal nye aksjeselskap etablert av kvinner i Fjell, Sund og Øygarden samanlikna med alle nyetableringar i kommunane.

Flest i Fjell
Høgaste kvinneandelen finn vi, ikkje uventa, i Fjell, med 17,9 prosent. Her var 17 av 95 gründere kvinne. 10 av dei valgte å starta eige AS.

Mest skeptiske er tilsynelatande kvinnene i Øygarden. Her var berre ein av 12 nyetablerarar kvinne.

I Øygarden, men og i Sund, er det relativt små tal det er snakk om. Å snakka om prosentandelar i desse to kommunane sett kvar for seg, vil difor vera feil.

Kvinnelege gründarar – januar – juli 2019
2019 totalt 2019 nye AS 2019 kvinner totalt 2019 kvinner AS % kvinner totalt % kvinner AS
Fjell 95 66 17 10 17,9 15,2
Sund 23 20 3 3 13,0 15,0
Øygarden 12 8 1 1 8,3 12,5
Totalt 130 94 21 14 16,2 14,9

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.