Rokerer på sjukeheimssengene

Fjell kommune har sagt opp sjukeheimsplassane dei hittil har leigd i Øygarden.

Arkivbilete: Atea.

Fjell kommune har sagt opp avtalen om dei fire sjukeheimsplassane kommunen hittil har leigd i Øygarden, bekreftar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

-Avgjerda har ingenting med den akutte pengekrisa i Fjell å gjera, avviser Fjell-ordførararen. Ho kjenner ikkje til at Fjell kommune har sagt opp  avtalar med andre kommunar om leige av sjukeheimsplassar.

Ved opninga av Øygarden lokalmedisinske senter (ØMS) på Straume har Fjell fått nok ledige senger til å dekka behovet for sjukeheimsplassar. No er det sengene på intermediær avdeling på ØMS som skal fyllast opp.

Einerom
Dei eldre fjellsokningane som no vert flytta tilbake til heimkommunen vil få einerom på ØMS, lover Sandahl Bjorøy.

Både for demente og somatiske brukarar kan det vera ei oppskakande og forvirrande hending å bryte opp frå kjende omgjevingar.

Sandahl Bjorøy kjenner ikkje til kva pasientar det er snakk om eller helsetilstanden deira.

-Flyttinga er avgjort av fagpersonell, og eg stolar på at ho er fagleg forsvarleg, seier Fjell-ordføraren.

Sund overtek
Sjukeheimssengene i Øygarden vil ikkje vert ståande tomme. Sund trer inn i avtalen i staden for Fjell, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Avgjerda er gjort etter ei heilskapeleg vurdering av sjukeheimssituasjonen i den nye kommunen. I Sund har dei for få sjukeheimsplassar inntil det nye omsorgssenteret i Skogsskiftet vert teke i bruk.

Mangelen på eigne sjukeheimssenger har påført Sund store kostnadar til opphald for ferdigbehandla pasientar på sjukehusa i Bergen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.