Slik kan Statens vegvesen framtvinga ekspropiasjon til Sotrasambandet

Grunneigarar som kjem i vegen for nye Sotrasambandet risikerer å få eigedomen sin ekspropiert før det er endeleg avklart kva dei kan venta seg i vederlag.

Nye Sotrasambandet skal gå gjennom eit tett utbygd område. Grunnervervet vert eit av dei mest omfattande i norsk veghistorie.

Medan hylekoret frå Sotrastrilane etter eit nytt og køfritt Sotrasamband når stadig nye høgder, kjempar andre sin livs kamp mot Statens vegvesen for heim, hage og parkeringsplass.

Tregheit i prosessen med grunnerverv er eitt av dei punkta samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) tidlegare har opplyst bidreg til å seinka utlysinga av OPS-kontrakten på nytt Sotrasamband, til ein total verdi på over 10 milliardar kroner.

Les: Fryktar risiko i OPS-kontrakt

Førehandsgodkjenning
Nettavisa Tunnelsyn.no tok problemstillinga knytta til grunnerverv opp med justisminister Jøran Kallmyr (FrP) då han vitja Sotra og Øygarden på laurdag. Den tidlegare eigedomsadvokaten kjenner ikkje detaljane kring Sotrasambandet. Han uttalar seg difor på generelt grunnlag:

– Ved store vegarbeid har Statens vegvesen høve til å søkja fylkesmannen om førehandsgodkjenning av ekspropiasjon før spørsmålet om erstatning er endeleg avgjort i rettssystemet, seier Kallmyr.

Må ha reguleringsplan
Ei slik framskunding av ekspropiasjonsprosessen vil berre vera mogeleg der arealbruken framkjem av ein vedteken reguleringsplan, presiserer FrP-statsråden.

Om ein eigedom kjem i vegen for Sotrasambandet, må Staten betala ein reell erstatning. I utgangspunktet skal grunneigaren kunna velja mellom marknadspris og brukspris.

-Staten vil i utgangspunktet alltid freista å få til ei frivillig avtale, understrekar FrP-statsråden.

Mellombels bruk
Det same gjeld og for midlertidig bruk av ein eigedom i anleggsperioden. Ulempeerstatning for bruk i anleggsperioden vil likevel ikkje kunna samanliknast med det grunneigaren vil kunna få ved innløysing av eigedomen, seier Kallmyr.

Lever i uvisse
I anleggsperioden vil OPS-entrepenøren ha behov for større areal enn det som vil verta omfatta av det framtidige brusambandet, tid dømes til riggar, til mellombelse omkøyringar eller lagring av massar.

Nettavisa Tunnelsyn kjenner til at fleire grunneigarar framleis lever i det uvisse om framtidig bruk og erstatning av eigedomane sine. Dei har klaga over at det er uråd å få vita kor stor del av eigedomen som vil verta omfatta av anleggsarbeidet, kor lenge dei må vera førebudde på å avstå arealet, og kor mykje dei kan rekna med å få i erstatning.

-Om den mellombelse bruken ikkje kjem fram av den vedtekne reguleringsplanen, vil Statens vegvesen få problem med å krevja tilkomst til eigedomen, seier Kallmyr.

700 eigedomar
Nye Sotrasambandet skal gå gjennom eit tettbygd område. Grunnervervet til dei knappe ni kilometrane med motorveg vert difor eit av dei mest omfattande i norsk veghistorie. Kring 700 eigedomar vert berørte av reguleringsplanen for det nye sambandet.

I underkant av 30 familiar vert nøydde til å flytta frå heimane sine for at utbyggingsprosjektet skal kunna realiserast.

Advokatbistand
Alle grunneigarar som vert involvert i ekspropiasjonssaker har rett på å få dekka kostnadane med advokat. Advokaten skal heller ikkje senda honorarkrav før erstatninga er endeleg fastslegen, seier Kallmyr.

Les: Sotrasambandet: 29 bustadar må vekk

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.