Ni kule ungdomar og ein gubbe

Frisk språkbruk og temperatur i debatten prega skulevalkampen på Sotra vidaregåande, avdeling Sund. Kom ikkje å sei at ungdomen ikkje er interessert i politikk.
(Saka er oppdatert.)

Maria Thomassen (MDG), og Marianne Garlid Johannessen (FrP), var einaste ungdomspolitikarane med lokal tilknyting i panelet under skulevalkampen ved Sotra vidaregåande avdeling Sund.

Med stort engasjement, ein frisk språkbruk som kunne fått ei bestemor med tilknyting til KrF til å rødma – eller gråta – og til tider heftig temperatur, diskuterte ungdomspolitikarar frå ni politiske parti, og ein 60-åriing, fråværsgrensa, kollektivtransport og klima framfor ein fullset aula under dagens skulevalkamp å Sotra vidaregåande avdeling Sund.

Men så glimra då også KrF med sitt fråvær i panelet. Det same gjorde Folkeaksjonen nei til bompengar. Til gjengjeld bidrog representanten for Liberalistene for å trekkja politikken i retning av det ekstreme med sin lovprising av fri bruk av narkotika.

Alle ungdomspartia, med unntak av KrF, er for liberalisering av bruk av narkotika, fekk eg fortald i etterkant av ein debatt som til tider var dominert av stereotypiske og ikkje helt faktabaserte framstillingar av motdebattantane.

Reglar
-Ungdomspartia har avtalt reglar, mellom anna for banning og argumentasjon for narkotika med fylkeskommunen. Det er ikkje alle som føl reglane, sa støttemannskap Mari Landaas (H) til nettavisa Tunnelsyn.no etter debatten.

-Mykje unødvendig prat, meinte ordstyrar Olaf Emil Furre i etterkant.

-Det er slik dagens ungdom snakkar. Her fekk vi det på vårt eige språk, innvende hans medordstyrar Margit Dammerud.

-Vi fekk det på vårt eige språk. Det er slik dagens ungdom snakkar, seier ordstyrar Margit Dammerud. -Mykje unødvendig prat, innvende medordstyrar Olaf Emil Furre.

Eksterne
Ingen av dei ti politikarane i panelet er elevar på skulen. Berre to, Maria Thomassen (MDG) og Marianne Garlid Johannessen (FrP) står på liste til kommunevalet i nye Øygarden.

-Det burde ha vore meir lokal politikk, oppsummerte ei lettare skuffa Thommasen etter debatten.

Fleirtalet av paneldeltakarane er heimehøyrande i andre kommunar i Vestland. Mange av debattantane er skulerte ungdomspolitikarar som står høgt opp på listene til fylkestingsvalet. Kravet om skulering skal ha vore årsaka til at Vilde Indrevik (H) ikkje deltok i panelet, fekk nettavisa Tunnelsyn.no opplyst.

Til ungdomen
Sjølv om dei fleste politiske partia set aldersgrensa for ungdompartia til 25 – 28 år, meinte 60-åringen Rune Fardal frå Partiet de kristne at han likevel hadde noko å fara med.

-Eg jobbar mykje med ungdom, innan barnevern og psykiatri, mellom anna, grunngjev Fardal deltakinga i det ungdomelege panelet ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

-Fardal sa kanskje noko av det viktigaste: Tenk sjølv. Tenk kva liv du ønskjer å leva, seier Dammerud.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.