Gigantplan sklei rett gjennom i KPU

Knapt nokon annan reguleringsplan i Fjell har møtt så lite motstand i Komité for plan og utvikling som Liegruppen sin områdereguleringsplan for inntil 4.000 bustadar på nordre Bildøy.

Dagleg leiar Roy-Eddy Lie i Liegruppen Eiendom AS er glad for at det var eit samrøystes KPU som vedtok å leggja områdereguleringsplanen for nordre Bildøy ut på høyring.

Totalt planlegg Liegruppen Eiendom AS å byggja 3.000 – 4.000 bustadar og 100.000 kvadratmeter med næringsareal i det 411 mål store området. Ein del av området skal setjast av til kulturminne.

Les: Plan for eit 50-årig utbyggingsprosjekt

– Ein historisk plan, for ei utbygging som vil passera 10 milliardar kroner og som vil gje mange permanente arbeidsplassar, innleia leiar Henning Ekerhovd i Komite for plan og utvikling.

Områdereguleringsplanen legg opp til å dela utbygginga i 15 delfelt. Næringsområdet heilt inntil Sotrasambandet i sør, og Apalneset på nordspissen skal byggajst ut først.

Ikkje gå for fort
Anne Hestnes (A) hadde notert seg at planen vil binda kommunen til å bidra økonomisk. Sett på bakgrunn av kommunen sin noverande økonomiske situasjon, håpa ho difor at utbyggjarane ikkje vil gå for fort fram.

-Vi må og ha tankar om korleis vi skal å ta mot desse menneska, sa Helge Nilsen (KrF) og støtte Hestnes i at utbygginga ikkje bør skje for fort, ut frå eit integreringspersektiv.

Johannes Kobbeltvedt (Sp) hadde merka seg namnevala. Stadnamn som Apalneset og Tjuvavika kling godt og tek vare på den lokale kulturen, meinar han.

Samrøystes
Ingen av dei ni medlemmane i komiteen hadde innvendingar mot planen. Det var ein samrøystes komite som vedtok at han skal leggjast ut på første gongs høyring.

– Eg er glad vedtaket var samrøystes, seier ein letta dagleg leiar Roy-Eddy Lie i Liegruppen Eiendom AS til nettavisa Tunnelsyn.no i etterkant av vedtaket.

Planprosessen har vore lang. Liegruppen AS har jobba med gigantplanen på nordre Bildøy i meir enn 15 år. Undeervegs har dei hatt fleire møte, mellom anna med dei 60 – 70 naboane i Bildøy Hyttelag.

Les: Medverknadsmøte gav hjelp til å prioritera

Ein betre plan
-Det at planprosessen har drege ut i tid gjer at planen har blitt betre, medgjev Lie. Han vil likevel ikkje vera med på at den lange planleggingstida har vore naudsynt. På den andre sida kan han heller ikkje sjå at Liegruppen har gått glipp av økonomiske gevinstar som følgje av at dei ikkje hadde bustadane klar i tide til den raske folkeveksten i Fjell nokre år tilbake

-Det hadde vore leit om vi hadde kome raskt i gang, og så hadde det heile stoppa opp på grunn av at marknaden svikta, seier Roy-Eddy Lie.

Anleggstarten ser han for seg skal skje tre år før det nye Sotrasambandet vil stå ferdig. Innan den tid er planen å henta inn ein stor, nasjonal samarbeidspartnar som kan bidra til å utarbeida detaljreguleringsplanar for dei 15 delfelta.

Offentlege midlar
I saksframleggt som no skal ut på høyring vert det lagt opp til at det offentlege skal bidra med midlar til dømes til barnehagar, skular, helseinstitusjonar og andre offentlege tilbod.

Nokon sum vert ikkje spesifisert.

Tilskot av offentlege midlar vil vera avhengig av vekslande politiske prioriteringar, innser Lie. Han er ikkje framand for at kommunen vil ønskja å bidra for å forsterka eigarskapen til det som skal verta offentlege område.

Spørsmålet om pengar vil koma opp i samband med forhandlingane om utbyggingsavtalen, konkluderer dagleg leiar Roy-Eddy Lie i Liegruppen Eiendom AS ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.