Nyopning av Bjorøy skule

Etter eit heilt år med riving, ombygging og bussing av dei eldste elevane under fjorden og over Sotrabrua til Liljevatnet skule, var det berre glade fjes å sjå ved nyopninga av Bjorøy skule.

Ungane har oppdaga nye leikeplassen. Ombygginga av «gamleskulen» er enno ikkje heilt ferdig.

Med kring 130 elevar sloss Bjorøy skule med Skålevik skule om å vera den minste barneskulen i Fjell etter omlegginga av skulestrukturen. Desto meir gledeleg for innbyggjarane på den barnerike øya midt i Vatlestraumen at dei i dag kunne markera nyopninga av ein større og meir funksjonell skule.

Den høgtidsame snorklippinga: fv. Casandra Jensen (FAU), ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, 5. klassingen Leonora Olea Wilhelmsen som har teikna logoen på refleksvestane, leiar Ernst Morten Einarsen i Komite for drift og forvaltning, og prosjektleiar Eirik Milde i Fjell kommune.

Dobbelt så stor
Rektor Renathe Fagerbakke smilte om kapp med sola over å kunna helsa velkomen til nytt tilbygg på nær 1.500 kvadratmeter, i forlenginga av den eksisterande skulen. Samla areal er no på vel 3.000 kvadratmeter.

Prosjektet til 50 millionar kroner har omfatta riving av det aller eldste skulebygget, utviding av skulen mot sør, opprusting av det attverande skulebygget og leikeplassane mot sør og aust med leikeapparat.

Byggeprosessen har resultert i nye og moderne klasserom for alle klassestega, kontorarbeidsplassar for lærarane og bibliotek, mellom anna.

Ein gløtt inn i det nye biblioteket i 2. etasje.

Spesiell dag
For ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var det ein heilt spesiell dag, sidan både mannen og dei to borna har gått på denne skulen. Det kjem og borneborna til å gjera, reknar ho med.

Saman med leiar for Komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen, nytta ordføraren høvet til å dela ut refleksvestar til alle elevane. Designet på logoen på refleksvestane er det 5. klassingen Leonora Olea Wilhelmsen som har teikna.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.