-Uprofesjonelt av statssekretær Skjervold

Samferdselsdepartementet og statssekretær Tommy Skjervold (FrP) er no så hardt pressa på Sotrasambandet at dei vel å gå til personangrep og freista framstilla meg som syndebukk for den seine utlysing av OPS-kontrakten, hevdar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Når eg som ordførar sender eit brev til departementet om framdrifta på Sotrasambandet, forventar eg å få eit svar, seier Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Sandahl Bjorøy reagerer på det ho oppfattar som personangrep frå statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i Samferdselsdepartementet.

Les: Gjestekommentar: -Ordføreren skaper mistillit om Sotrasambandet

-Min jobb som ordførar er å presse på framdrifta på Sotrasambandet. Når eg gjer det, tillegg Skjervold meg meiningar eg ikkje har, hevdar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Etterlyser svar
30. juli i år sende ordførararen i Fjell eit offisielt brev til Samferdselsdepartementet, med Tommy Skjervold som mottakar. Her ba ho mellom anna om å verta halden oppdatert på kva som kom fram i møtet med Vegdirektoratet 7. august.

Les: Sende statssekretær for å få feriefred om Sotrasambandet

Det brevet har ordføraren i Fjell aldri fått svar på. Statssekretæren har istaden valgt å gå ut i media og kritisera  skepsisen hennar mot framdrifta, hevdar ho.

-Når eg som ordførar sender eit brev til departementet, forventar eg å få eit brev tilbake, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Mange skuffelsear
Bilane står i kø over Sotrabrua både morgon og ettermiddag. Langt fleire bilar ferdast dagleg over brua no enn kva ho vart bygd for tidleg på 1970-talet.

På rådhuset i Fjell har skuffelsane dei siste åra vore mange over seindrektigheta i departementet når det gjeld å få lyst ut OPS-kontrakten på vel 10 milliardar kroner.

-Stortingsproposisjonen vart vedteken 15. mai i fjor. Då fekk vi vita at anbodet skulle lysast ut før sommaren. Det skjedde ikkje. Så lova dei at utlysinga skulle skje like over ferien. Det skjedde heller ikkje. Deretter lova dei ei utlysing før jul.

PÅ nyåret fekk vi vita at vi måtte venta på godkjenning av reguleringsplanen for den nye kollektivterminalen ved Storavatnet i Bergen. Dette trass i at vi tidlegare hadde fått forsikringar om at dette var to separate planar, sukkar ordføraren i Fjell.

Statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i Samferdselsdepartementet.

Hardt pressa
Så byrja FrP å diskutera bompengar på nasjonalt plan. Om lag samstundes fekk Statens vegvesen melding om at dei måtte gjennomføra ein ny risikoanalyse. Utlysinga av OPS-kontrakten skulle likevel skje før ferien, vart det lova.

Siste bodskapen frå Oslo er at utlysinga skal skje innan året er ute. Heilt sikkert.

Les: Set trykk på grunnerverv

– Samferdsledepartementet og statssekretær Tommy Skjervold er no så hardt pressa på Sotrasambandet at dei vel å gå til personangrep og freista framstilla meg som syndebukk for dei stadige utsetjingane, seier Sandahl Bjorøy.

Ei vinkling Fjell-ordføraren reagerer sterkt på:

-Dette er uprofesjonelt av statssekretær Tommy Skjervold, seier Sandahl Bjorøuy.

-Eg vil berre ha eit svar eg kan formidla når innbyggjarane spør, legg Sandahl Bjorøy til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.