Fjell har 100 ledige stillingar

Fjell kommune har no så mange ledige stillingar at drifta av dei lovpålagte tenestene er heilt på grensa til det som er forsvarleg.

Ein økonomi som nærmar seg balanse på drifta, er ikkje det same som at Fjell byrjar koma seg ut av det økonomiske uføret, kom det tydeleg fram av rådmann Steinar Nesse sine svar på spørsmåla i dagens kommunestyremøte.

I håp om å løysa dei økonomiske utfordringane siste åra har Fjell kommune late vera å lysa ut stillingar som vert ledige.

Som eit resultat har kommunen no eit 100-tals ledige stillingar, derav 35 i skulen, kunne rådmann Steinar Nesse fortelja kommunestyret i samband med presentasjonen av økonomirapporten for andre tertial.

Dei mange ledige stillingane har ført til auka press på dei tilsette som er att, med auka sjukmeldingar som ein konsekvens. Leiarane må no driva tettare styring, og vurdera vikarbehovet frå dag til dag, noko som aukar kostnadane til vikarar.

Korvidt Fjell no er på grensa til forsvarleg drift, om vi kan levera dei tenestene som er lovpålagte, med naudsynt kvalitet, kunne Nesse ikkje svara på på ståande fot.

-Vi ligg langt under bemanningsnormane på eindel område, konstaterer rådmannen i Fjell.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.