Valkamp for næringslivet

På Sartor Storsenter merkar dei aukande konkurranse. Får dei det nye kommunestyret med på århundrets eigedomshandel?

Freista krisemaksimera: Ei politisk velsigning av forslaget til ny områderegulering for Straume sentrum er det som skal til for å sikra vekst i framtida, freista direktør Thomas Skålnes i Sartor Storsenter overtyda politikarane i panelet.

Leiinga i Sartor Storsenter inviterte i går til valkampdebatt framfor eit 120-tals butikkleiarar, dei fleste kvinner.

Med driftsmarginar på henhaldsvis 43,7 og 19,2 prosent var Sartor Storsenter AS og Sartor Holding AS mellom dei mest lønsame verksemdene i nye Øygarden i fjor.

Les: Dei mest lønsame i vest

Under valkampmøtet gjeldt det å mana dei politiske kandidatane til kriseforståing, og samstundes gje butikkleiarane med deira 1.300 tilsette ein indikasjon på kven det kan vera smart å stemme på.

To år etter siste ombygginga trekkjer ikkje lenger Sartor Storsenter kundar på som følgje av nyhetens interesse. 3,1 millionar besøkjande så langt i år er 7,7 prosent færre enn i fjor. Butikkene i handlesenteret på Straume har hatt ein samla omsetnad på 1,3 milliardar kroner, ein nedgang på 1,6 prosent samanlikna med same perioden i fjor. 12 butikkar har gått konkurs, og minst tre til vil forlata senteret før nyttår, sa direktør Thomas Skålnes, med politikarane sitjande på bakerste benk i salen.

Les: Sartor Storsenter 8. størst i Norge

-Denne utviklinga er dramatisk for oss, oppsummerte Skålnes.

Møta konkurransen med fleire folk
Auka netthandel, handel på utanlandsreiser og auka konkurranse mot butikkane på Vestkanten, er dei viktigaste forklaringane på utviklinga, ifølgje Skålnes. Han fryktar dette er starten på ein negativ utviklingsspiral.

På Sartor Storsenter ønskjer dei å møta konkurransen med auka fortetting og byutvikling.

– Vi treng fleire personar i Straume sentrum. Folk som bur her og arbeider her, hevda Skålnes.

Forslaget til ny områdereguleringsplan med inntil 4.000 bustadar med over 9.000 innbyggjarar og 5.600 arbeidsplassar, er rette tiltaket for å få utviklinga på rett kjøl, tenkjer Skålnes.

Les: Vill optimisme driv fortettinga på Straume

Invitasjonen til potensielle leigetakarar om å melda interesse for Regionens hus, har så langt ikkje ført fram, så det er sett på vent. Er Regionens hus berre ein draum, spurte Skålnes.

Balanserte lovnadar
Marianne Sandahl Bjorøy (A), Jan Utkilen (SotraLista) og Torill Selsvold Nyborg (KrF) ville alle ha fram at dei gjennom mange år i politikken har bidrege til at Straume har blitt som staden blitt.

Midt i ein valkamp, og med ein aukande konflikt mellom fortettinga i Straumeområdet og utviklinga i resten av kommunen, måtte politikarane balansera lovnadane. Nærtenesteprinsippet som vart lagt i intensjonsavtalen står fast, men den nye kommune vil og krevja eit sterkt regionsenter, var det brei semje om.

Samanslåinga av dei tre administrasjonane vil innebera mykje ledige lokale offentlege lokale framover, men med tida vil det likevel verta behov for eit nytt rådhus, kall det gjerne Regionenes hus. Eit kulturhus hadde også vore kjekt å ha, tenkte Jan Utkilen (SotraLista).

Gamleheim?
-Straume er ein muskel. Staden får ikkje lov til å verta ein gamleheim. Vi må få familiar til å busetja seg her, innvende Torill Selsvold Nyborg (KrF).

Dei mange små bustadane, ment for unge, som Sartor-eigarane har under planlegging i Grønamyra, vil bidra til å skapa mangfald, lova Skålnes.

Arbeidsplassar
I Sund har dei stor handelslekkasje. Dei 7.000 kvadratmetrane med nytt senterareal som er under utbygging vil bidra til å endra på det, håpar Svein Otto Jacobsen (frP). Samstundes planlegg dei 1.800 bustadar i den nye reguleringsplanen. Dei som buset seg der skal og handla ein stad. I dag køyrer dei forbi Straume, til og frå jobben i Bergen.

– Vi treng mange fleire arbeidsplassar i den nye kommunen, oppfordra Jacobsen.

Kø og kollektiv
Køsituasjonen på Sotrasambandet og behovet for betre kollektivtransport stod sjølvsagt også på dagsorden. Det hjelper ikkje med ein sonetakst på bussen i heile nye Øygarden når det aldri går buss til Tofterøy eller Hellesøy.

Opprioriteringa av Straume har ført til færre bussar til Øygarden. Talet på bussruter er det same, innvende Børge Haugetun (V).

Marianne Sandahl Bjorøy nytta høvet til å reklamera for forslaget om bestillingsbuss. Det fungerer andre stadar, hevdar ho.

-Tiltak som «Hent meg» vil sikkert fungera bra i Straumeområdet, men ikkje på Hellesøy eller Tofterøy. Ingen kommersiell aktør vil påta seg å køyra tre – fire mil for å henta ein person, og så få betalt som ein vanleg busstakst, innvende Jacobsen.

Bestillingsbussen vil fungera som ei forlenging av kollektivtilbodet ut i bygdene, frå der bussen stoppar på kollektivterminalane på Straume, Skogsskiftet og Ågotnes, tenkjer Børge Haugetun (V).

Nisjebutikkane, kva med dei?
Ikkje alle butikkleiarane var like opptekne av lokalpolitikken. Nasjonale spørsmål kan for einskilde vera minst like viktig:

Fleire av dei små nisjebutikkane slit med å halda kostnadane nede og inntektene oppe. Alle dei 12 som har måtta stengja dørene så langt i år har vore små nisjebutikkar starta og drivne av entusiastiske gründarar, utan nokon stor kjede i ryggen.

-Kva med å kutta i offentlege avgifter som arbeidsgjevaravgift og MVA, ville ei av butikkleiarane i salen vita.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.