Hanne har fått eigen bustad

Fest i Blombakkane i dag, med høgtidsam markering av at Hanne Pedersen (23) og fem andre har flytta inn i Lyngheia bufellesskap.

Stas for Hanne Pedersen å ha fått namnet sitt på ringjeklokka.

I Lyngheia bufelleskap, med luftig utsikt over Straumsundet, har seks ungdomar i alderen 20 – 25 år med nedsett funksjonsevne fått sine første eigne bustadar. Kvar av bustadane er  individuelt tilpassa. Med kring 60 kvadratmeter til disposisjon har bebuarane god plass til å svinga rullestolen, for dei som er avhengige av eit slikt hjelpemiddel.

Hanne har alt rukke å bu seg inn i den rommelege bustaden på 60 kvadratmeter.

Høgtidsam opning
Dei seks ungdomane har alt rukke å bu seg inn. Dei flytta inn alt 1. mai, men først i dag var det høgtidssam opning med snorklipping av ordførar Marianne Sadahl Bjorøy (A) og leiar Ernst Morten Einarsen (H) i Komité for drift og forvaltning.

-Ei heilt ny verd, både for ho og oss, seier den stolte pappaen til Hanne, Svein Arthur Pedersen. Dottera budde heime inntil ho flytta inn i Lyngheia i vår.

På en slik dag er det mange som skal takkast. Her får interiørarkitetkt Hanne Kari Ravndal frå Asplan Viak blomar frå Sanne Haugland Svåsand. Anita Jensen og Benjamin Olsen ventar på tur. I bakgrunnen prosjektleiar Jostein Foldnes, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og June Johannessen i Bustadkontoret.

Vore med i planlegginga
Som medlem i Kommunalt råd for menneskje med nedsett funksjonsevene, og som leiar for NFU i Sotra og Øygarden, har Pedersen fulgt planleggings- og byggjeprosessen tett, nærast heilt frå starten.

Det har vore ein brei prosess som har involvert mange møter med arkitektar, ergoterapeutar og verneombod, såvel som representantar for dei pårørande, seier styrar Bente Våge som saman med avdelingsleiar Margunn Heen har ansvaret for drifta av bufelleskapet.

Heile anlegget har kosta 42 millionar kroner. Drifta vert finansiert delvis ved overføring av midlar frå personlege assistentar og omsorgsløn, ifølgje Einarsen.

Gåve til bebuarane frå Fjell kommune vanka det sjølvsagt også. Jostein Foldnes stod for overrekkinga.

Heildøgns bemanning
For å sikra trygge tilhøve for dei seks bebuarane har bustadane heildøgns bemanning. 15 – 16 tilsette i 13,5 årsverk skal syta for at bebuarane trivest og har det bra, ifølgje Våge.

Bufellesskapet er eit resultat av Kommunedelplan for bustadar og det første øyremerka for ungdom med nedsett funksjonsevne i Fjell. I Blombakkane er bufellesskapet plassert nærast vegg-i-vegg med ein tilsvarande bustad for ni godt vaksne.

Les: Rullestolbrukar feira nyttår i eigen leilighet

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.