Vil ha dagsturhytter i alle kommunar

Hordalendingane treng ein stad å gå til når dei går på tur, tenkjer fylkesutvalet i Hordaland.

Dagsturhytte, teikna av Rojo arktitekter. Denne står i Gloppen. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Fylkesutvalet ønskjer å medverka til at det vert bygd dagsturhytter i alle kommunane i Hordaland, tilsvarande den satsinga som alt er gjennomført i Sogn og Fjordane.

Det er relativt einkle hytter det er snakk om, i utgangspunktet utan straum, vatn og avløp, med ein snittpris på kring 1 million kroner per hytte.

Alle hyttene skal ha eit bibliotek. Det skal etablerast eit tilbod av gangstiar til og frå hytta. Maksimal avstand frå næraste tettstad skal vera 15 minutt.

Fylkesutvalet har i dag vedteke å setja av to millionar kroner over årets budsjett i tilskot til dei ti første hyttene. Tanken er å få til eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunane, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Skal alle dagens kommunar kunna få si hytte, vil det vera behov for ytterlegare sju millionar kroner i oppfølgjande fylkeskommunale løyvingar dei to neste budsjettåra.

Kommunane må sjølv avgjera om dei ønskjer å koma med i prosjektet. Dei står fritt til å avgjera kvar dei ønskjer at hytta skal plasserast.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.