Historisk kast – mager fangst

Landnotkast etter sild og makrell var vanleg mange stadar på Sotra til utpå 1950-talet. I går ville Fjell kystlag gjera reprise på den historiske matauken i Kjereide.

Landnotkast i Kjereidet, anno 2019. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

Kjereidet, på grensa mellom Fjell og Sund, har lange tradisjonar for kast med landnot etter makrell. Om somrane var det vanleg at nabobygdene hadde vakt liggjande ute, for å passa på når det kom fisk i våg.

Les: Kjereidet – der vatn møter sjø

Ti år etter at landnota sist fekk kjenna smaken av salt sjø, var det tid for å prøva fiskelukka på nytt.

Les: Soga om då Bildemannen rokka Vegvesenet

Landnota er tung, sjølv om dei no nyttar not av nylon istaden for bomull. Kystlaget stilte med sju båtar, 11 karar og ei kvinne for å gjennomføra kastet, ifølgje heimesida til Fjell kommune.

Gårsdagens kast skjedde utan at fiskarane hadde sikre observasjonar å lita på. Så vart då fangsten deretter – to små berggylter.

Les: Då silda forsvann

Ingen hadde ropt «fisk i våg», men så vart fangsten deretter: To små berggylt. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.