Har ladestasjonar ved alle kommunale bygg

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne i dag markera at Fjell kommune no har ladestasjonar ved alle kommunale bygg.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne i dag markera at Fjell no har utplassert ladestasjonar ved alle kommunale bygg. Foto: Vigleik Brekke/Fjell kommune.

Fjell kommune har no 158 ladepunkt fordelt på 28 ulike lokasjonar. Det er også monterte ladepunkt ved innfartsparkeringa på Fjell gard, og ved Ågotnes terminal, ifølgje heimesida til Fjell kommune.

Dei mange ladepunkta er eit resultat av klimaplanen frå 2018. Planen legg opp til at fossildrivne bilar gradvis skal erstattast av elektriske bilar. Heimetenesta i kommunen har alt teke i bruk åtte elbilar.

I Norsk elbilforening delar dei ordføraren si glede over elektrifiseringa av bilparken. Dei kjenner ikkje til nokon andre kommunar som kan visa til offentlege ladestasjonar ved alle kommunale bygg, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.