Optimistisk satsing på Dale Oen senteret

Ved Dale Oen senteret i Øygarden håpar dei å kunna tilby skuletrøytte ungdommar ei heilårs oppdagarlinje.

Gründer Robin Dale Oen (th) og Kjetil Nordås har fått stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP) med seg i båten. Partikolleger Anita Garlid Johannessen, Os-ordførar Terje Søviknes og Christian Emil Haugen heiar på heilårstilbodet til skuletrøytte ungdomar.

#Yoyexplore Academy skal tilby skuletrøytte ungdomar i aldren 15 – 18 år eit alternativt skuleår der dei kan få oppdaga styrkane sine, og læra å meistra det dei set seg føre, i staden for å gå og mistrivast og detta ut av skulen, seier gründar Robin Dale Oen og nytilsett rektor Kjetil Nordås.

Entrepenørskap og fellesskap vert to av hovudpilarane bak det praktisk retta skuletilbodet. Fiskeoppdrett, utforsking av Svalbard-naturen og satelittoppskyting er praktisk retta tema som vil stå på timeplanen, lovar dei to.

Satsar alt
Nærare 80.000 ungdomar har til no vore innom Dale Oen senteret i ein eller annan samanhang, ifølgje Robin Dale Oen. Broren til symjestjerna som døydde brått så altfor tidleg, har valgt å pantsetja hus og heim og satsa framtida si til å gje ungdomar kunnskap og meistringskjensle gjennom praktisk læring ute i naturen.

Les: Tek opplevinga eitt steg lenger

Kjetil Nordås har teke permisjon frå jobben som rektor ved Ulveseth skule for å få på plass det pedagogiske.

Lita tid
Første klassen skal etter planen starta i oktober i år. På Dale Oen senteret byrjar dei å få lita tid. Førebels manglar dei både elevar og pengar. Mykje av energien akkurat no går difor med til å freista skaffa sponsorar til prosjektet.

– Det må vi fiksa, kom det samstemt frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal, Os-ordførar Terje Søviknes og Anita Garlid Johannessen då FrP-delegasjonen vitja Dale Oen senteret i dag.

Lokalt tilbod
Oppdagarlinja er først og framst meint som eit tilbod til lokale ungdomar, som skal bu heime og ta bussen ut til Herdlevær dagleg. Så langt har imidlertid den største interessa for å delta kome frå Osloområdet, ifølgje Dale Oen.

Fjell kommune, og nyleg avgåtte skulesjef Wilhelm Anglevik, har støtta opp under førebuingane, fortel Nordås. Avtalane med Fellesnemnda og nye Øygarden, og med Vestland fylke, er førebels likevel ikkje på plass.

Ombygging
Dale Oen er likevel optimist. Nett no herskar det hektisk byggjeaktivitet på senteret på Langholmen. Begge husa skal byggjast om, slik at senteret får to klasserom, kjøken, opphaldsrom og rom for overnatting til 25 personar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.