Sjukeheimane føl ikkje pålegg – mange eldre vert overmedisinert

I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er sjukeheimslækjarane lite flinke til å følgja opp pålegget om å kontrollera medisinbruken til pasientane.

Få sjukeheimspasientar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy fekk kontrollert at medisinbruken deira var forsvarleg i fjor. Arkivbilete: Atea.

For å få ned problemet med overmedisinering av pasientane ved norske sjukeheimar, vart lækjarane 1. januar 2017 pålagde å gå gjennom medisinbruken til alle nye pasientar. Deretter skal lækjarane minst ein gong i året følgja opp og kontrollera at medisinbruken til dei einskilde er forsvarleg.

NRK har, i samarbeid med senter for undersøkjande journalistikk, sett nærare på kor flinke kommunane er til å følgja opp påbodet.

Undersøkinga viser kor stor andel av sjukeheimspasientane i kvar kommune som fekk gjennomgått medisinbruken sin i fjor, eitt år etter at påbodet vart innført.

Kommunane vest for Bergen har lite å rosa seg av i så måte, ifølgje NRK sine tal. Best ut kjem Sund. Her fekk 31 prosent av sjukeheimspasientane medisinbruken sin gjennomgått av lækjar i fjor. Minst kontroll med medisinbruken har dei i Øygarden.

Sund 31 prosent
Askøy 20,3 prosent
Fjell 15,4 prosent
Øygarden 11,4 prosent

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.