Skal kontrollera pengebruken i Ferde

Medieoppslaga om pengebruken i bompengeselskapa har vakt uro heilt til topps i samferdselsdepartementet. No skal alle korta på bordet.

Kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane varslar i dag at dei vil gjennomføra ein selskapskontroll av bompengeselsskapet Ferde AS.

Det er fylkeskommunane som eig dei nye regionale bompengeselskapa. Kontrollutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag sendt ut ei felles pressemelding der dei varslar at det skal gjennomførast ein selskapskontroll av bompengeselskapet Ferde AS og teknologileverandøren Skyttel AS.

Mellom dei som har reagert på pengebruken er samferdselsminister Jon Georg Dale, som har kalla inn eigarorganisasjonane og forlangt å få alle korta på bordet.

Les: Ferde-tilsette festa for bompengane

Deloitte
Under selskapskontrollen skal dei, i tillegg til å sjå på korleis bompengane vert brukt, også vurdera organiseringa av bompengeselskapa og om verksemda er i samsvar med føremålet fylkeskommunane har vedteke.

Det er revisonsverksemda Deloitte som har fått oppdraget med å gjennomføra selskapskontrollen. Gjennomgangen av rekneskapane skal gjennomførast i løpet av hausten.

Store verdiar
Det nye regionale bompengeselskapet Ferde AS driv inn pengar frå dei etterkvart mange bompegeprosjekta i Vestland, Rogaland og Agder. Berre frå bilistane i Bergensområdet vil det i år verta kravd inn ein milliard kroner i bompengar.

Les: Planlegg å henta ein milliard frå bilistane i Bergensområdet

Avgjerande for tilliten
-Ein gjennomgang av rekneskapa og pengebruken er avgjerande for tilliten til at desse selskapa forvaltar verdiane forsvarleg, seier Frank Willy Djuvik, leiar for kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det har vore fleire saker i media om høg pengebruk i desse selskapa, og det er viktig at vi som tilsynsorgan på vegne av innbyggjarane kjem til botn i pengebruken og får på plass tydelege eigarsignal om korleis selskapa skal forvalte verdiane, seier Djuvik.

Rogaland og Agder-fylkene er og invitert til å delta i revisjonen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.