Dei skal sprengja Kvitaneset

Statens vegvesen har underteikna kontrakt med entrepenør om utbetring av fv. 213 Skiftesvik – Marikoven.

Avdelingadirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen og dagleg leiar Knut Brusletto i Contexo AS signerer kontrakten på 98,4 millionar kroner. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen.

Fire entrepenørar la inn bod på utbetring av den sjette delstrekninga av Askøypakken. Hønefoss-verksemda Contexo AS hadde lågast bodet, på 98,4 millionar kroner. Heile 44 millionar kroner rimelegare enn det dyraste bodet.

Dei reisande kan måtta venta 2 – 3 timar på å sleppa fordi når den 30 meter høge fjellskjæringa Kvitaneset skal sprengjast vekk. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen.

Nedsprenging av ei inntil 30 meter høg og 120 meter lang fjellskjæring i Kvitaneset vert den mest krevjande oppgåva på den 1,4 kilometer lange vegstrekninga. Heile 35.000 kubikkmeter stein skal sprengjast og fraktast vekk.

Les: Fire entrepenørar vil ha denne jobben

Det vert venta at arbeidet startar opp alt denne hausten, og at det vil halda på halvanna år framover.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.