Her vil dei stemma på Snopepartiet

På Knappskog skule er elevane i full gang med den digitale valkampen.

Linnea Fjeldstad og Linnea Mikkelsen Spjeld freista overtala Arbeiderpartipolitikarane Hadja Tadjik og Marianne Sandahl Bjorøy om kvifor dei heller bør stemma på Snopepartiet.

Ved Knappskog skule har dei teke steget fullt ut og satsa på digitale læremiddel. Dei er ein digital pionerskule, ikkje berre i Fjell, men i landssamanhang. I dag kom ein delegasjon frå Arbeiderpartiet, med stortingsrepresentant Hadja Tadjik og ordførar Marianne Sandal Bjorøy i spissen, på besøk.

Partipresentasjon, utarbeida av ei gruppe 3. klassingar på Ipad.

Stem på Snopepartiet
Tilnærminga til valkampen kan lett få ein leiken vri når alle elevane har sitt eige nettbrett.

Snopepartiet, spillpartiet og dansepartiet er resultatet av gruppearbeidet om demokrati i tredje klasse. Her har elevane diskutert seg fram til kva dei meinar er viktige saker. På Ipaden har dei utarbeida partiprogram som argumenterer for akkurat desse synspunkta.

Kompetanseoverføring
-Teknologien har opna pedagogiske mogelegheitar vi ikkje ante noko om då vi starta, kunne avdelingsleiar Ingvild Vikingsen Skogestad fortelja.

Etter å ha vore lettare skeptiske i starten, samarbeidar lærarane no om å utnytta teknologien og læra av kvarandre, rosar rektor Odd Erik Kjeldstad.

Digitale læremidlar er viktig, men dei skal helst vera noko meir enn berre bøker på skjerm. Tilnærminga til undervisninga bør helst vera tverrfagleg.

Gjer det kompliserte einkelt
I klasserommet ved sida tenkjer femteklassingane seg valkampmøtene til politiske parti som små animasjonar, med politikarar forma av plastilin.

Ved hjelp av programvaren StopMotion gjer elevane opptak og redigering på nettbrettet, operasjonar som i profesjonell video- og kringkastingsproduksjon krev dyrt og komplisert utstyr, på ein måte som er så einkel at sjølv, ja akkurat, ein 5-klassing kan gjennomføra.

Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet og nyutdanna lærarar derifrå har tilført Knappskog skule mykje verdfull kompetanse på digital læring, rosar Kjeldstad.

Hadja Tadjik tok den einkle forklaringa då ho vart utfordra på kvifor vi bør nytta stemmeretten.

Ønskjer du å bestemma?
-Kvifor bør vi stemma, vart Nadja Tadjik utfordra av lærar Yngve Endal i sjuande klasse.

-Ønskjer de å vera med å bestemma? Om de ikkje stemmer, vil andre bestemma over dykk. Stortingsrepresentanten gav elevane den einkle forklaringa, før dei igjen fordjupa seg på heimesidene til ”Barnas valg” og valgomaten som skulle guida dei fram til dei partia dei er mest samde med og som dei blir tilrådde å stemma på.

Personleg nettbrett
-Alle elevane bør ha kvart sitt nettbrett, som dei tek med seg overalt, også heim, det er ein føresetnad. Men skulen må og ha lærarar og teknisk personale som føl opp, ifølgje Kjeldstad.

Elevane lærer best når dei får velja metode sjølv. Skulen skal læra dei både å meistra den digitale teknologien og utøva praktiske ferdigheitar, som å skriva med blyant. Skulen skal hjelpa dei å finna sin metode. Nå handskrift-øvingane vert utsett til andre klasse, vert det mykje meir gøy å skriva med blyant, har Vikingsen Skogestad erfart.

Som ein ekstra pluss verkar det som om tilgangen til den digitale teknologien har auka gutane si interesse for det som skjer i klasserommet, ifølgje Kjeldstad.

Foreldre, føl med!
På Knappskog skule utvidar dei stadig oppfatninga av kva digital læring er. Det er for snevert å seia at digitale ferdighetar er å skriva i Word og lasta opp teksten. Nettvett, og gode haldningar til korleis vi bør opptre på nett er ein viktig del av kunnskapen. Dei verste krenkjingane i dag skjer digitalt, oppfordrar Kjeldstad.

– Digitaliseringa i skulen er noko vi foreldre bør følja med på. Vi må sjå skule og heim i samanhang, oppfordrar fylkessekretær Stig Morten Frøiland i Vestland Arbeiderparti.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.