SotraLista ut til bygdene

I håp om å treffa nye veljarar heime, køyrer SotraLista rundt i bygdene i Fjell, Sund og Øygarden i ein veteranbuss.

Oppteken av om bussen til bygda du bur i vil gå også etter valkampen? Med fire representantar i det nye kommunestyret vil SotraLista koma i posisjon til å forhandla, mellom anna om betre kollektivsamband til bygdene, seier Jan Utkilen (th) og John Kjell Fjeld.

I ein valkamp er det meste tillate, også ein eksosspyande dieselbuss som køyrte si første rute på Askøy i 1960, smiler Jan Utkilen og John Kjell Fjeld i SotraLista.

SotraLista har ikkje noko stort og nasjonalt PR-nettverk i ryggen. I håp om å treffa nye veljarar heime, køyrer kandidatane til bygdelista med utspring i Fjell, valkamp frå ein leigd veteranbuss, dekka med knallgule reklame-bannere: SotraLista – alltid i rute.

-Vi har vore i bygder vi ikkje visste fantes, køyrt på vegar der det knapt er råd å snu, og truffe mykje kjekke folk. Unnateke på Hellesøy, der likte dei visst ikkje SotraLista si programfesting av «Sotra» som namn på den nye kommunen.

Valet av framkomstmiddel var ikkje heilt tilfeldig, medgjev Utkilen. SotraLista er tilhengjarar av meir kollektivtransport, ute i grendene, ikkje berre til Straume, Ågotnes og Skogsskiftet.

-Kan de garantera at det går buss til bygdene også etter valet?

-Kommunesamanslåinga opnar for å tenkja heilt nytt når det kjem til kollektivtransport, er Utkilen og Fjeld samde om.

-Servicebussen for eldre bør fungera som ein ordinær rutebuss. Berre tull at dei eldre er nøydde til å ringja og bestella på førehand, seier Fjeld.

Og sjølvsagt skal ikkje dei eldre måtta ut med meir enn ein vanleg honnørbillett for skyssen, legg han til.

-Vi bør prøva å få til ein ungdomsbuss på dei kveldane det er ungdomsklubb, også, er dei to samde om.

-De reklamerer med at SotraLista alltid er i rute, kva meinar de med det?

-SotraLista er oppegåande. Vi får ting til, svarar ordførarkandidat Utkilen.

Med 1.000 røyster, vil SotraLista få inn fire representantar i det nye kommunestyret. Då vil vi og koma i posisjon til å vera med å forhandla, om nettopp saker som betre kollektivlløysingar til dei som bur i grendene, seier Utkilen.

Få med at vi skal til Sund no i kveld. I morgon er planen å ta ein ny tur til Øygarden, smiler Utkilen.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.