Valkamp Nye Øygarden: Litt på kanten på tampen

Gode bladfyk! Etter dagens pliktløp på RV 555 har eg site med tedna i fjæresteinane og lese valprogram og lokalmedia. Her er mi tolkning av partia sine løfter og program:

AP: Vi klarar ikkje å få bygd ny Sotrabru. Men, ikkje skuld på oss.

H: Ikkje vi heller. Men, inga grunn til å krisemaksimere.

FrP: Vi har vegministeren, men klarar heller ikkje å bygge ny bru. (Kor lenge klarar vi å halde på partigruppa før den sprekk denne gongen?)

FnB: Nei. Nei. Nei. Pragmatiske løysingar for kvardagen i trafikken? Nei. Nei. Nei. Sjå ein annan vei.

Sotralista: Folkeavstemming. No. (Men ikkje regn med at vi har tid til å møte)

KRF: Garantist for kristne privatskular og bornehagar.

SV: Meir til alt som er dyrt og godt. (Kvar skal vi ta pengane frå?)

Senterpartiet: Vi vinn prisen for årets mest sjenerte valkamp (Men, vi surfar på den nasjonale SP-vinden.)

MDG: Ja til kollektiv. Ja til eigedomsskatt. (Men; kva er vår veg til makt?)

V: Vi vil ha litt av alt. Grønt er skjønt. (Håpar slengarar til Børge får oss inn!)

Partiet de Kristne: Gud er god.

Rødt: Stalin kom tilbake! (Kva har vi egentlig å gjere i kommunepolitikken?)

Godt val!

Helsing Kåre Kubein
Observatør og kåsør

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.