Underteikna sju internasjonale avtaler om karbonfangst

Equinor inngjekk i går intensjonsavtalar med sju europeiske verksemder om å utvikla verdikjeder for karbonfangst og lagring.

Olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg og den norske regjeringa har store forventningar til Northern Light-prosjektet. Foto: Arne Reidar Mortensen /Equinor.

Intensjonsavtalane er inngått med Air Liquide, Arcelor Mittal, Ervia, Fortum Oyj, HeidelbergCement AG, Preem, og Stockholm Exergi. Avtalane legg opp til samarbeid om mogeleg behandling av CO₂ ved deira anlegg og transport til Northern Lights-prosjektet, ifølgje ei melding frå Equinor.

Korvidt intensjonsavtalane nokon gong fører til kommersielle avtalar, avheng av fleire faktorar.

Det er mange som utolmodig ventar på at Regjeringa skal opna pengesekken og velsigna planane for å utvikla teknologi for fullskala fangst og lagring av CO2 (Carbon Capture and storage – CCS). Ei positiv avgjerd i Regjeringa i statsbudsjettet i 2020 om å satsa på fullskala karbonfangst og lagring vil vera avgjerande.

Northern Light er namnet på oljeselskapa Equinor, Shell og Total sitt felles prosjekt for karbonfangst og lagring. CO2 skal fangast frå store industrianlegg i Norge og i utlandet, sendast med skip til eit mellombels lageranlegg på Kollsnes og derifrå sendast i rør til permanent lagring i eit reservoar under Nordsjøen.

Til sist vil ei eventuell verkeleggjering av intensjonsavtalane avhenga av lønsemda for tredjepartar involverte i dei einskilde fasane av prosjektet.

Dei meir enn 150 personane som er involverte i Northern Light jobbar no med å redusera kostnadane.

Les: Klimaministeren på Kollsnes: Kostnadane på CO2-fangst må ned

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.