Kommentar: Sjå heller på kva dei gjer

No i valkampinnspurten sit lovnadane laust. Politisk trolldomskunst. Ikkje høyr på kva dei seier.

Det er lett å lova, verre å halda, har mang ein politikar fått erfara opp gjennom åra. Men langt frå alle politiske lovnadar er meint å etterlevast.

Er det ein ting nye Øygarden treng, er det nye arbeidsplassar, verkar dei politiske partia vera samde om. Likevel overlet dei næringsutvikling til det private initiativ.

Som lokal mediegründer har eg fått erfara at det er tyngdelova som gjeld: Er du stor, får du støtte. Er du liten, får du klara deg sjølv. Medan millionane gjerne sit laust til prosjekta til H- og A-sympatisørar, kan sjølv det å gje tips om aktuelle saker, eller gje likes på Facebook på saker nettavisa Tunnelsyn.no publiserer, vera for kostbare tiltak for politikarar i posisjon, verkar det som.

Eitpar heiderlege unnatak finst. Når du, og andre, har kunna halda dykk oppdaterte på kva som skjer på Sotra og Øygarden i sommar, er det takka vera annonseinntekter frå to politiske parti. Ei handfull fleire småparti har bidrege med tips, invitasjonar, gjestekommentarar og likes på Facebook.

Nettavisa Tunnelsyn.no ønskjer å sjå lokalsamfunnet frå fleire sider. Skapa ei tverrpolitisk tilnærming til det som skjer. Nokre har ytt meir enn andre for at vi skal kunna nærma oss målet. Saman har dei bidrege til å skapa eit produkt som fleire finn det interessant å lesa. August var ein rekordmånad. Noko som igjen styrkar grunnlaget for å selja annonser.

Med beskjedne midlar har dei i fellesskap bidrege til å skapa grunnlaget for ein arbeidsplass. I praksis.

Sidan du no først er inne på nettavisa Tunnelsyn.no. Rull deg nedover på sida og sjå kva saker vi har publisert dei siste tre månadane. Då vil du samstundes skjøna kva lokale politiske parti som har forstått at dei og kan bidra til å skapa arbeidsplassar, og at ikkje alle bidrag behøver å kosta millionar.

Som lokal mediegründar har eg fått erfara at langt frå alle politiske lovnadar, heller ikkje dei som uttrykkjer behov for fleire arbeidsplassar, er meint å etterlevast.

Er du og oppteken av at vi må skapa fleire små, lokale arbeidsplassar? Nå du skal leggja stemmeseddelen i urna: Ikkje høyr på kva politikarane seier. Sjå heller på kva dei gjer.

Advertisements

2 Comments

  1. God oppsummering Liv, takk skal du ha!
    Du har bidratt til et bedre demokrati med denne nettavisen. Det ser lovende ut for den nye kommunen 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.