Gjestekommentar: Verdig alderdom i Øygarden kommune

Det har vore lite snakk om dei eldre og deira levekår i denne valkampen. Av Torill Selsvold Nyborg, ordførarkandidat for KrF

Dette er ei av dei viktigaste oppgåvene Øygarden kommune skal ta seg av, og med ein aldrande befolkning vert politikkområdet større og meir fokusert framover.

Alle eldre menneske fortener ein verdig alderdom. Ingen skal engsta seg for å bli gammal i Norge, ei heller i Øygarden kommune! Vi må bli flinkare til å inkludera eldre i samfunnet og leggja til rette for ein aktiv alderdom. Du skal kunna ha det så bra som mogeleg, og vera sjef i ditt eige liv – heile livet!

KrF meiner vi må bli flinkare til å ta i bruk alle dei ulike ressursane dei eldre har, anten det er i arbeidsliv, i frivillig arbeid eller i andre sammenhengar. Dette gjev meining i kvardagen for den einskilde, og utgjer en forskjell for dei som får nyta godt av fellesskap, hjelp og omsorg som seniorar kan tilby.

Eldre som har behov for hjelp skal være trygge på at dei får den hjelpa dei har behov har – når dei treng det. Derfor må løysningar og tiltak tilpassast kvar einskild. KrF vil leggja til rette for at eldre også skal få dekka sine sosiale og åndelige behov, i tillegg til dei fysiske og psykiske. Dette gjev livskvalitet i kvardagen og eit rikare liv.

KrF vil at eldre skal ha ein god og trygg heim uansett boligtypar. Folk er ulike og vi treng eit variert tilbod med gode kvalifiserte heimetenester og ulike typar omsorgsboligar. Når dette ikkje strekk til og dei eldre ikkje kan bu heima lenger, må vi i Øygarden kommune syta for nok sjukeheimsplassar til dei sjukaste eldre.

Å gje innbyggjarare våre ein meiningsfull og verdig alderdom er basis for eit samfunn som tek menneskeverdet på alvor.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.