Dei første resultata er klare

Når 5.800 førehandsrøyster er talt opp, ligg det an til store endringar i dei politiske makttilhøva i den nye kommunen.

Rollene vil verta endra i løpet av kvelden, om førehandsrøystene er representative for resten av stemmene.

Førehandsrøystene utgjer 28,8 prosent av røystene. Om dette vert den endelege stemmefordelinga, ligg det an til heftige forhandlingar utover kvelden for å få sett saman eit styringsdyktig fleirtal.

Høgre, og varaordførar Tom Georg Indrevik, er i øyeblikket det største partiet, med 21,1 prosent av røystene, og ni mandat av dei 45 i det nye kommunestyret.

Høgre ligg an til å vinna eit tiande mandat, på bekostning av Folkeaksjonen nei til bompengar.

SotraLista, som nærast tvilte seg til å stilla liste i mangel av oppslutning utanfor Fjell, har i øyeblikket fem mandat inne – ein meir enn ei dag.

Folkeaksjonen nei til bompengar ser også ut til å gjera det svært bra, sjølv om kommunen vil få bompengar på det nye Sotrasambandet.

Senterpartiet får tre mandat, SV 2. Det same får MDG. FrP og KrF beheld posisjonen.

Venstre og Raudt ser begge ut til å få eitt mandat.

Når 5.800 røyste er talt opp, ser resultatet slik ut:

Parti Prosent Mandat
Høgre 21,1 9
Arbeiderpartiet 17,6 8
FrP 10,6 5
SotraLista 10 5
Folkeaksjonen mot bompengar 10 5
KrF 8,8 4
Senterpartiet 7,3 3
SV 4,9 2
MDG 3,6 2
Venstre 2,5 1
Rødt 1,7 1
PDK 1,5 0
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.