Henta heim fårikålen

Sauasankinga i Kvitingen er årets storhending for mange saueeigarar på Sotra og Askøy.

Kring 1.550 sauer vart sanka inn i Kvitingen denne helga. Her er nokre av dei, ferdig sortert. Foto: Andreas Vorland.

Ytre Midthordland Beitelag sende i vår 1.750 søyer med lam på «ferie» til Kvitingen i Samnanger. Langt dei fleste av sauene, kring 1.400, har adresse hos småbrukarar på Sotra. I det 30.000 mål store fjellområdet skulle sauene få fråtsa i grønt, friskt gras og eta seg feite.

Sankarlaget tek ein pust i bakken. Foto: Kato Hilleren.
Foto: Kato Hilleren.
Foto: Kato Hilleren.

I helga mobiliserte saueeigarane for å henta heim fårikålen. Å vera med på sauasankinga er årets storhending for mange, og mange ønskjer å delta på denne krevjande fjellturen. Eit 40-tals personar klart i løpet av denne første sankehelga å henta heim kring 1.550 av dei, ifølgje Kato Hilleren som er leiar for beitelaget.

Frå Sotra- og Askøysauene sitt «ferieparadis» i Kvitingen. Eit krevjande terreng for sankarane. Foto: Andreas Vorland.

For 240 lam venta ein brutal slutt på «ferien». Dei vart sendt rett til slakteriet.

Talet på sauer i Kvitingen har gått noko ned dei siste åra. I år sende eit 20 saueeigarar sende dyra sine til det attraktive fjellbeitet. Storleiken på flokkane dette året varierte, frå seks til 400 dyr, ifølgje Hilleren.

Andre lokale beitelag har sauene sine i utmarka heime på Sotra, eller dei sender dyra sine til Masfjordfjella.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.