Øygarden er blå – eller?

Høgre og Tom Georg Indrevik haldt forspranget i dei folkerike krinsane på Litle Sotra.

Tom Georg Indrevik. Høgremannen som gjekk mot straumen og sikra at Øygarden vert blå. I morgon vert det forhandlingar.

Då alle røystene var talde, hadde partiet sikra seg 21,8 prosent av røystene og 10 mandat.

Saman med FrP, SotraLista og Folkeaksjonen mot bompengar har dei 23 mandat. Skal dei få reint fleirtal må dei og få med KrF.

-Ingenting er avgjort. Å få til eit styringsdyktig fleirtal vil verta krevjande. Morgondagen kjem til å gå med til forhandlingar, seier ein uvanleg smålåten valvinnar til nettavisa Tunnelsyn.no.

I Arbeiderpartiet er dei skuffa over 17,3 prosent og åtte mandat.

-Deltakinga er uvanleg høg, heile 63 prosent,samanlikna med kommunevalet for fire år sidan. Det viser at Folkeaksjonen mot bompengar og SotraLista med sine tydelege kampsaker klart å lokka heimesitjarane ut av sofakroken, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Mobiliserte i 12. time. Jan Utkilen og SotraLista.

Verken Jan Utkilen eller Svein Bergh i SotraLista ønskjer å seia noko om eventuelle forhandlingar, eller om dei vil setja kravet om folkerøysting om kommunenamnet inn som eit krav for å vera med i ein fleirtalskoalisasjon.

Sotra? Det er ingen av partia på Stortinget som vil ta opp eit forslag om namneskifte, hevdar tidlegare stortingsrepresentant Ranveig Frøiland.

-Det er ingen av partia på Stortinget som vil ta opp eit forslag om namneskifte, konstaterer Arbeiderpartiveteran Ranveig Frøiland.

Den endelege mandatfordelinga:

Parti 100 % Mandat
Høgre 21,8 10
Arbeiderpartiet 17,3 8
FrP 10,2 4
SotraLista 11,2 5
Folkeaksjonen mot bompengar 8,1 4
KrF 8,6 4
Senterpartiet 8,4 4
SV 5,1 2
MDG 3,4 2
Venstre 3,2 1
Rødt 1,8 1
PDK 1,1 0

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.