Lot seg freista av fårepølse med taresmak

Skal det vera ein smak? Kristoffer Lie freistar med fårepølse laga av kortreist kjøt og fingertare frå Tofterøy.

To kortreiste matinnovatørar har funne kvarandre. Er det rart det vart premie på første forsøk?

Villsauen går jo i fjøresteinane og et tang, så kvifor ikkje laga ei fårepølse smaksett med tang, tenkte Kristoffer Lie i Strilalam.

Beste produkt
Som tenkt, så gjort. Mellom dei som har late seg freista av resultatet, er juryen som under Bergen Matfestival nyleg kåra Strilalam si fårepølse med fingertare til årets beste produkt.

Superlativa hagla i juryen si grunngjeving: nyskapande og attraktiv, framstilt av lokale råvarer og unik smaksoppleving, var noko av tilbakemeldinga Strilalam fekk.

– Ei anerkjenning det gjorde godt å få, seier opphavsmannen som driv produktutvikling på si på kjøkenet på Steffistøvo, og som i dette tilfellet fekk full klaff nærast på første forsøk.

Kortreist
Fårepølsa inneheld berre naturlege ingrediensar; kortreist sauekjøt, salt og fingertare. Taren gjev pølsa ein fin, rund smak. Taren forsterkar saltsmaken og er fint integrert med smaken av røykt sauekjøt.

Tekslo Seafood
Fingertaren vert kjøpt i kilovis, tørka og finmalt, frå ein annan kortreist matprodusent – Tekslo Seafood på Tofterøy.

– Les: Har erobra hyllene hos Rema 1000

– Tare er ein spanande ingrediens å driva produktutvikling med, seier Lie.

Han ser ikkje vekk frå at det kan koma fleire produkt med smak av tang og tare frå Strilalam.

Produktutvikling
Med kåringa følgte det ein sjekk på 10.000 kroner frå Innovasjon Norge. Pengane skal gå til vidare utvikling av produktet, og til marknadsføring.

-Kan hende kan taresmaken verta enno litt tydelegare, spekulerer opphavsmannen.

Klart til jul
Marknadsføring har ikkje akkurat vore noko problem. Ikkje så langt. Heile den første produksjonen forsvann for dogg for sola under Bergen Matfest.

Sjølve produksjonen har Strilalam sett ut til Evanger Pølsefabrikk. Der er neste batch under produksjon, i samsvar med Lie si oppskrift. I desember skal Strilalam igjen ha ferdig røykt og tørka fårepølse smaksett med fingertare klar for sal, lovar Lie.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.