Underskotet aukar

Det samla underskotet for Fjell, Sund og Øygarden auka med 10 millionar kroner frå april til juli.

Prosjektrådmann Rune Lid teiknar eit dystert bilete av den økonomiske situasjonen, knappe fire månadar før kommunesamanslåinga.

Samla underskot for dei tre kommunane som snart skal slå seg saman utgjorde 26,2 millionar kroner ved utgangen av juli, ifølgje prosjektrådmann Rune Lid sin økonomirapport til Fellesnemnda førstkomande måndag.

Største avviket mellom budsjett og drift finn vi i Fjell, med 33 millionar kroner. I Sund var underskotet 3,7 millionar kroner ved utgangen av juli.

Eit overskot på 10,4 millionar kroner i Øygarden bidrog til at den totale økonomiske situasjonen i dei tre kommunane vert mindre svart enn det biletet som teiknar seg i Fjell og Sund.

Fleire årsakar
For å forklara situasjonen må vi sjå både på inntekts- og utgiftssida. På inntektssida utgjer svikten i skatteinntektene frå inntekt og formue svikta nærare 9,4 millionar kroner samanlikna med dei optimistiske prognosane som vart lagt til grunn i budsjettprosessen.

På kostnadssida har kommunane betalt ut heile 32,3 millionar kroner meir i løn enn budsjettert. Kostnaden med kjøp av varer og tenester utgjer 21,2 millionar kroner meir enn budsjettert, og svikten i overføringar frå Staten utgjer 18 millionar kroner.

Reduserte avdrag på lån
Rapporten frå prosjektrådmannen avslørar samstundes at dei tre kommunane har betalt 8,4 millionar kroner mindre i avdrag på lån enn budsjettert då året starta.

Den stramme økonomiske situasjonen vil forfølgja oss inn i den nye kommunen, varslar Lid.

Advertisements

2 Comments

  1. Som betyr at gjelden bare øker fra 80000 per innbygger til…?
    En totaloversikt hadde vært fint, noe innbyggerne hadde fortjent også før valget. (men der tok ikke Vestnytt ansvar).

    Likar

    1. Ved siste årsskifte utgjorde fellesgjelda 72.407 kroner per innbyggjar. Kommunane betalte 92 millionar i avdrag i løpet av dei sju første månadane i år, men storleiken på låneopptaket er uvisst.

      Det er difor truleg rett å anta, som du gjer, at gjelda per innbyggjar har auka. Slikt er det prosjektrådmannen si oppgåve å opplysa om. Dette burde ha kome fram av økonomirapporten. Vestnytt – og nettavisa Tunnelsyn.no – er nøydd til å forhalda oss til dei opplysningane han legg fram.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.