-Ein unormalt god tone i forhandlingane

Høgre, Frp, KrF, SotraLista og Venstre er samde om ein overordna, felles samarbeidsplattform for dei første fire åra i nye Øygarden.

Høgre får ordføraren, KrF får varaordføraren og FrP, SotraLista og Venstre får ein utvalsleiar og ein nestleiar kvar.

Forhandlingsleiar Nils Kåre Skoge (H) bekreftar ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no at dei fem borgarlege partia no er samde om at intensjonsavtalen skal liggja til grunn for samarbeidet første perioden.

Ingen bomber
Dei fem partia har vore samde om å la dei politiske kjepphestane liggja att utanfor forhandlingsrommet.

-Det ligg ingen bomber, eller partipolitiske moment inne i avtalen, seier Skoge.

Verken nedlegginga av Liljevatnet eller striden om namnet på den nye kommunen vert nemnt i avtalen, ifølgje Skoge.

SotraLista er innforståtte med at dei må fremja desse stridssakene i kommunestyret, og så får røystinga visa kva oppslutning sakene har, seier forhandlingsleiaren.

Unormalt god
Skoge karakteriserer tonen i forhandlingane dei fem partia i mellom som «unormalt god», og utan konfliktar av noko slag.

Som tidlegare skrive er det semje om at Tom Georg Indrevik (H) vert ordførar og at Torill Selsvold Nyborg (KrF) vert varaordførar.

Samarbeidspartane har landa på at det skal vera tre utval i den nye kommuneleiinga. Dei tre andre partnarane, FrP, SotraLista og Venstre skal kvar få ein utvalsleiar og ein nestleiar, ifølgje Skoge.

Namna på utvalsleiarane og nestleiarane er enno ikkje endeleg avklart.

Les: Indrevik vert ordførar

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.