Haugetun vert styreleiar i ØyVAR

-Det viktigaste er å vera i posisjon, seier Børge Haugetun, Venstre sin einaste representant i kommunestyret for nye Øygarden.

Punktet i samarbeidsavtalen om at det skal utarbeidast ein klima- og miljøplan er eit resultat av Venstre sin påverknad, seier Børge Haugetun. Her frå då han viste klima- og miljøminister og partikollega Ola Elvestuen gasskraftanlegget på Kollsnes.

Venstre er ein av dei fem samarbeidspartnarane som no er samde om ein felles politisk plattform for nye Øygarden for dei komande fire åra.

Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt

-Eg ser fram til å vera med å byggja nye Øygarden, og vera ein del av posisjonen, seier Haugetun til nettavisa Tunnelsyn.no.

Påverka
– Eit lite parti har ikkje innflyting utan det er i posisjon. Å vera med i posisjonen inneber å sitja rundt bordet saman med Høgre, FrP, KrF og SotraLista og bidra konstruktivt på ein heilt annan måte enn om han berre hadde vore ein einsleg representant i kommunestyret, legg Haugetun til.

-Punktet i samarbeidsavtalen om at den nye kommunen skal utarbeida ein klima- og miljøplan er eit konkret døme på Venstre sin påverknad, seier Venstre-representanten.

ØyVAR
I samarbeidsavtalen som alle partia no har gjeve si tilslutning til vert det føreslege at Venstre skal få vervet som styreleiar i ØyVAR.

Klart det vert ein overgang frå å vera ordførar i Øygarden til å verta einaste representanten for Venstre, men valresulatet er noko han berre må forhalda seg til.

-Som ordførar for ei tverrpolitisk valliste er eg vant til å vera pragmatisk og freista finna fram til gode løysingar, seier Børge Haugetun.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.