Lite førebudd på kriser

Nye Øygarden får middels skåre på den nye, nasjonale indeksen for robusthet ovanfor katastrofesituasjonar.

Arkivfoto: Svein-Magne Tunli

Nye Øygarden diskuterer i desse dagar korleis kommunane kan følgja opp funna i den felles ROS-analysen som vart vedteken ved årsskiftet. Det trengs, for ingen av dei tre kommunane utmerkar seg på den nye, nasjonale indeksen over kor robuste norske kommunar framstår til å handtera ulike krisesituasjonar.

Best i vest
Fylkesmannen i Hordaland har i fleire år stressa behovet for kommunale beredskapsplanar, utan at resultatet lokalt imponerer forskarane ved NTNU.

Best ut av øykommunane i vest kjem Fjell, med ein skåre på 2,5 av totalt 4. Sund og Øygarden kjem begge ut med 2. I Hordaland er det Bergen som kjem best førebudd, med ein skåre på 3,5. Leikanger kjem best ut i nye Vestland, med ein skåre på 3,6.

I landet generelt er det Bærum som framstår som den mest robuste kommunen, med ein skåre på 3,9. Bærum har liten risiko for at det vil skje ein naturkatastrofe, samstundes som dei har robuste planar, ifølgje forskarane.

Motstandsdyktige samfunn
Vestlandskommunane generelt er sårbare for naturkatastrofar. Turøy-ulukka og Helge Ingstad-kollisjonen har vist oss at alvorlege ulukker kan skje like i fjøresteinane våre. Men det finst meir alvorlege truslar som kan råka langt fleire, avslører den felles ROS-analysen som vart vedteken ved årsskiftet.

Les: Alt som kan gå gale

Ein ROS-analyse (risiko og sårbarhets-analyse) identifiserer dei områda der kommunen er utsett for risiko. Robusthet handlar om kor førebudd kommunen er til å handtera store ulukker som hendingar, og til å gjenoppretta ein normalsituasjon.

-Å laga motstandsdyktige samfunn er ei primæroppgåve for krisehandtering. Samfunn med stor motstandsdyktighet vil ha færre tap og koma seg raskare etter ei alvorleg hending, seier doktorgradstudent Sabrina Scherzer ved NTNU til TU.no.

Offentleg tilgjengeleg
Indeksen Scherzer har utvikla saman med dei to professorane Jan Ketil Rød og Päivi Lujala ved NTNU er sett saman av 47 ulike indikatorar. Indikatorane er delte inn i miljø, kommunale institusjonar, infrastruktur og bustadar, sosial samansetjing, fellesskapskapital og økonomi.

Indeksen byggjer på offentleg tilgjengeleg informasjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.