Samarbeidsavtale i 18 punkt

Ingen eigedomsskatt, strammare økonomi og auka satsing på frivillige lag og organisasjonar innan omsorg og kultur.

Dette er oppsummering av nokre av dei 18 hovudpunkta i samarbeidserklæringa som Høgre, SotraLista, FrP, KrF og Venstre er samde om.

Les: -Ein unormalt god tone i forhandlingane

Planarbeidet i startfasen vert omfattande. Det skal mellom anna lagast eigen klima og miljøplan, vegplan, veteranplan og ein plan for oppfølgjing av ulovlege tiltak.

-Dei 18 punkta er skrivne i sement, men innhaldet er meint som utgangspunkt for ein brei diskusjon. Der håpar vi at flest mogeleg innbyggjarar vil finn det interessant å delta i prosessane, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H) ein knapp kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no

Leiarverv
Dei sentrale verva er fordelt mellom dei politiske partia, uavhengig av personar, og skal gjelda for heile perioden.

Høgre får, i tillegg til ordføraren, leiaren for utval for samfunnsutvikling, og nestleiaren for utval for tenester og levekår.

KrF får varaordføraren og nestleiaren i styret for ØyVAR.

SotraLista skal ha leiaren for utval for tenester og levekår, og nestleiaren for utval for plansaker.

FrP får leiaren for utval for plansaker og nestleiaren fr utval for samfunnsutvikling. Her peikar Svein Otto Jacobsen, tidlegare leiar for planutvalet i Sund, seg ut.

Venstre, og Børge Haugetun, vert styreleiar for ØyVAR.

Samarbeidsavtalen mellom Høgre, SotraLista, FrP, KrF og Venstre i 18 punkt. Klikk på biletet for større versjon.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.