Underteikna samarbeidsavtalen

Representantar for dei fem samarbeidspartia i nye Øygarden underteikna i dag avtalen som skal fungera som rettesnor for det borgarlege samarbeidet dei neste fire åra.

Berre smilande fjes å sjå. Dei signerte avtalen på vegne av dei borgarlege samarbeidspartnarane: Fh. Nils Kåre Skoge (H), Børge Haugetun (V), ordførar Tom Georg Indrevik (H), varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), Svein Bergh (SotraLista), Svein Otto Jacobsen (FrP).

Avtalen dei fem partia i mellom legg opp til eit breidt borgarleg samarbeid, og inneheld ingen kontroversielle punkt, sa forhandlingsleiar Nils Kåre Skoge (H) i samband med den formelle avtaleunderteikninga på rådhuset i Fjell i ettermiddag.

Den politiske leiinga i nye Øygarden: Ordførar Tom Georg Indrevik (H) og varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).

-Alle har fått gjennomslag for noko. Alle har vore godt nøgde. Avtalen opnar for eit godt samarbeidsklima, og det er ingenting i avtalen som ikkje også dei andre partia kan gå med på, understreka forhandlingsleiaren.

Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt

Det ligg ingen store kontroversar i avtalen. Punkt i einskilde parti sine program har vi valgt ikkje å ta med. Den diskusjonen får vi ta etterkvart som sakene kjem opp, la Skoge til.

Les: -Ein unormalt god tone i forhandlingane

-Vi skal gjera vårt beste for å oppfylla intensjonane i intensjonsavtalen, seier nyvald ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Samanstejinga av formannskapet er enno ikkje avgjort. Valet av personar til leiar- og nestleiarverva i dei tre komiteeane vert venteleg kjent i løpet av veka.

Les: Haugetun vert styreleiar for ØyVAR

Med vel 38.000 innbyggjarr vert nye Øygarden nest største kommunen i nye Vestland, og ein av dei større kommunane i landet. Større enn mange byar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.