Gründerparken får pusterom

Gründerparken Vest får behalda det kommunale tilskotet på 1,5 millionar kroner neste år.

Gründerparken Vest held no til å Straume Teknologisenter i Trollhaugmyra.

I forkant av dagens møte i Fellesnemnda hadde prosjektrådmannen tilrådd at Gründerparken Vest får eit årleg tilskot på 500.000 kroner.

Eit forslag som innebar at gründerparken ville fått redusert sitt økonomiske handlingsrom med to tredelar samanlikna med årets budsjett.

Les: Vil kutta i gründerstøtta

Gründerparken har ein funksjon. Nye Øygarden har mista mange arbeidsplassar som følgje av oljenedturen. Dei som ønskjer å starta for seg sjølv bør få støtte, var det brei i semje om i Fellesnemnda.

Å forventa at gründerparken skal verta sjølvfinansiert, er lite realistisk. Verksemder som overlever og tenar pengar, bør gå vidare og gje plass for nye.

På den andre sida vil det vera naturleg at gründerparken også får økonomisk stønad frå fylkeskommunen, frå SIVA eller frå andre offentlege instansar. Styringsgruppa må jobba vidare med å sikra ei langsiktig finansiering, tilrår Fellesnemnda.

Fellesnemnda tilrår at Gründerparken Vest og dagleg leiar Rikard Ledang får 1,5 millionar til drifta også i 2020. Formelt er det det nye kommunestyret som må føreta løyvinga, i samband med budsjettprosessen utover hausten.

Ei samrøystes Fellesnemnd gjekk inn for å gje Gründerparken eit økonomisk pusterom neste år. Politikarane er samstundes tydelege på at dei ikkje ønskjer å binda den nye kommunen til noko fast årleg løyving.

Å forventa store kutt i drifta vert ikkje sett som ønskjeleg. Etter at dagleg leiar Rikard Ledang tidlegare på dagen hadde fortalt om ei pågåande effektivisering, ser politikarane at det er behov for å oppretthalda dagens økonomiske nivå for å sikra drifta gjennom 2020, medan det vert jobba med å få på plass ei meir langsiktig finansiering.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.