Hadde ikkje oppdaterte personallister

Prosjektrådmann Rune Lid fekk vondt i magen då det gjekk opp for han at kommunane ikkje hadde kontroll på kven som var fast tilsett og kva stillingsprosent dei hadde.

Prosjektrådmann Rune Lid i Sund har gjort ei ubehageleg oppdaging i samband med tilpassinga av organisasjonane til ein ny kommune. Avviket utgjorde fleire 100 årsverk.

Avviket mellom talet på tilsette, slik som kom fram av budsjettet, og kva lønssystema til kommunane viste, var på fleire 100 årsverk, fortalde prosjektrådmannen under dagens statusorientering til Fellesnemnda.

Ikkje oppdatert
Personellistene i kommunane var ikkje oppdaterte, avslørte gjennomgangen av dei tre organisasjonane som er gjennomført i samband med kommunesamanslåinga.

Personar som har slutta for fleire år sidan, var framleis oppførte som tilsett. Tilsette som hadde levert oppseiing, var registrerte som tilsett. Mellombels tilsette var registrerte som fast tilsett, og motsatt. Tilsette i permisjon var ikkje registrert. Vikarar var registrerte som fast tilsett. Faste tilsette mangla i oversikten, utdjupa han årsakane til det store avviket.

-Eg som gammal revisor vert dårleg i magen når eg oppdagar slikt, oppsummerte Lid.

50 færre tilsette
Etter at innplasseringa av tilsette i organisasjonskartet er avslutta, er det klart at nye Øygarden kommune vil ha 50 færre tilsette enn Fjell, Sund og Øygarden har i dag.

15 tidlegare tilsette vil gå av med pensjon. 35 personar, til saman 30,7 årsverk, vil verta plasserte i ressursgruppa. Innan to år må dei enten ha blitt tilsett i ein fast stilling, elles kan dei risikera å verta oppsagt.

Les: Alle kan ikkje rekna med å få behalda jobbane

Usemje om oppseiing
Arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane diskuterer no korleis dette siste punktet i omstillingsavtalen skal tolkast, ifølgje Lid.

Arbeidsgjevar meinar at eventuelle oppseiingar skal vera gjennomført innan 1.1.2022, og at oppseiingane skal vera avgrensa til personar i ressursgruppa.

Eventuelle oppseiingar kan ikkje starta før etter utløpet av 2021. Alle tilsette i kommunen vil i så fall risikera å verta valde ut som følgje av behov for eventuelle innskrenkingar og effektivisering, krev arbeidstakarorganisasjonane.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.