Bokbåten fyller 60 – og snart kjem han hit

Bokbåten Epos er eit eineståande tilbod på Vestlandet for å bringa bøker ut til leseglade i alle aldrar, busette litt utanfor dei store tettstadane.

Bokbåten Epos er særleg populær hos borna. Her frå eit tidlegare besøk på Hellesøy. Arkivbilete.

I år er det 60 år sidan det flytande biblioteket såg dagens lys, ifølgje ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.

Denne hausten vil bokbåten vitja vårt område 18. – 20. november. Forlangsvågen, Skogsvåg og Glesvær står på siglingsruta første dagen. Den 19. vil båten liggja fortøyd i Spildepollen heile føremiddagen. Tveitevåg og Hanøytangen vil få besøk den 20. november.

Alle stadane vil Sindre Sortland underhalda om skummel musikk. Eit program som passar for ungar frå 5 år og oppover.

Tilpassa
Tenesta er gjennom åra tilpassa endringar i busetjing, infra-  og folkebibliotekstruktur. Båten førtøyer no på småstader der det ikkje finst noko etablert bibliotek, eller der det er skular utan eit tilfredsstillande bibliotektilbod.

Men bokbåten er ikkje berre bøker. Kulturprogrammet bidreg til å auka interessa.

Denne hausten vil over 50 stader i 21 kommunar få besøk av bokbåten. Nærare 5.000 personar vil ta turen innom i løpet av turen. Eit utlån på oppunder 10.000 bøker vitnar om at tenesta framleis er populær.

Du kan lesa meir om bokbåten her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.