Veteranane vil verta meir synlege

Når far eller mor deltek i internasjonale operasjonar på vegne av det norske samfunnet, er det noko som vedkjem heile familien.

(Saka er oppdatert.)

Jammen var det krabbar i teina også. Heile familien er med når IntOps Bergen og omland inviterer til Opp og ut-dag. Fleire av ungane har far eller mor i aktiv teneste.

Frå Tysklandsbrigaden og fram til dagens overvaking i Middelhavet, har den norske staten sendt over 100.000 soldatar å verna om freden i over 40 land, i fire verdsdelar.

Erfaringane soldatane har gjort varierer, frå observatørar og fredeleg overvaking til regelrette krigshandlingar.

Opp og ut-dagen
IntOps er ein organisasjon som famnar både veteranar og personell i aktiv teneste i dei etter kvart mange operasjonane det norske forsvaret har vore og framleis er, involvert i. Avdelinga i Bergen og omland samla denne helga eit 60 – 70 personar til sitt årlege familietreff, Opp og ut-dagen, som denne gongen var lagt til Hengjo i Kleppesjøen.

Meir synlege
Dei mange veteranane skal verta meir synlege i nye Øygarden kommune. Å utarbeida ein veteranplan, er eitt av punkta i Høgre, FrP, SotraLista, KrF og Venstre er samde om i samarbeidsavtalen for det første kommunestyret i nye Øygarden.

Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt

Forslag vart fremma av FrP. Partiet har mange veteranar. Bjørn Dåvøy, veteran frå to periodar i Libanon, har stått på for å setja veteranplanen på den politiske dagsorden i nye Øygarden, seier partitopp Svein Otto Jacobsen til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Nærleiken til Haakonsvern gjer at nye Øygarden truleg vert nest største veteran-kommunen i nye Vestland, seier Dåvøy.

Uvisst kor mange
Nett kor mange veteranar som er busette i den nye kommunen, er det ingen som har full oversikt over. Dei offisielle tala frå Forsvaret antydar rundt 250. Andre nemner 350.

-Det må vera langt fleire, truleg over 1.000, om vi tek med alle dei som har tenestegjort for det norske forsvaret i utlandet frå Tysklandsbrigaden og fram til i dag, hevdar Ole Asbjørn Fauske som tidlegare har vore leiar for den norske kontingenten til Afghanistan.

Les: Vår mann i Sarajevo

Dei pårørande må også reknast med. Når son, bror, far eller mor deltek i internasjonale operasjonar er det noko som vedkjem heile familien, slår Arild Lihaug, leiar for IntOps Bergen og omland, fast.

Saman vart Dåvøy og Lihaug i fjor tildelt Veteranprisen for innsatsen sin.

Dei pårørande
Bak kvar veteran står det gjerne fire – ti pårørande. I dei tilfella der soldaten kjem heim med psykiske traumar, er det gjerne familien som vert klagemur og støtteapparat. Det er difor viktig at dei og er med i organisasjonen og har nokon å utveksla erfaringar med.

-Få med at berre nokre få får skadar. Dei fleste kjem styrka tilbake, med kjensle av å ha bidrege til å gjera ein forskjell, opplevd meistring og samhald, understrekar Hanne Løvenholdt. Småbarnsmora tenestegjer til dagleg som marinesjukepleiar på Haakonsvern og har tidlegare vore på oppdrag i Middelhavet og i Libanon. I dag er det reinsing av 150 nyfiska krabbar som står på dagsorden.

Kring 10 – 12 prosent av alle som har vore ute kjem heim med psykiske skadar, eller får det etter nokre år, seier Dåvøy. Han var sjølv ein av dei, men har fått hjelp til å jobba seg gjennom det, og er i dag etablert med ny sambuar.

Det at kvinner etter kvart også deltek i aktiv teneste har endra problemstillingane for det heimlege hjelpeapparatet noko. Uønska seksuell åtferd har etterkvart og blitt eit tema, seier Fauske.

Veteranplan

Opptekne av veteranplanarbeidet: IntOps favnar både veteranar og soldatar i aktiv teneste. Fv. Hanne Løvenholdt, Arild Lihaug, Bjørn Dåvøy og Ole Asbjørn Fauske.

At veteranplanen stod på dagsorden også i solveggen ved Kleppesjøen overraskar vel ingen. Forventningane til innhaldet i planen og framtidige tiltak er skyhøge: Først og framst at dei som har vore i kamp skal ha eit apparat å henvenda seg til. Ein eigen samlingsstad for veteranar i kommunen står og høgt på ønskjelista. Høgtidssam markering av 8. mai som veterandagen, ikkje berre som frigjeringsdag, og med eiga gudsteneste. Deltakarmedalje til alle som har tenestegjort ute i meir enn 3 månadar.

Til teneste
Fauske er svært glad for at veteranplanen omsider står på den politiske dagsorden i heimkommunen. Bergen var ein av dei aller første kommunane som fekk ein veteranplan. No kjem altså heimkommunen etter.

-Planen vert første steg. Kva han inneheld vil heilt klart vera interessant. Deretter korleis planen vert iverksett, seier Fauske. Om den nye kommunen treng kunnskapane hans, står den pensjonerte brigaderen frå Luftforsvaret og tidlegare kommandanten på Akershus festning til teneste.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.