Startar leiteboring for CO2-lagring

Equinor fekk ved årskiftet den aller første lisensen for lagring av CO2 på norsk sokkel. No har dei fått løyve til å starta leiteboring.

Prosjektet Northern Light tek sikte på å fanga CO2 frå store industrianlegg på land, føra den med skip til Kollsnes i Øygarden og derifrå i rør ut i Nordsjøen for permanent lagring under havbotnen.

Les: Historisk lisenstildeling for CO2-lagring

Leitebrønnen, som har fått namnet Eon, vert den første i sitt slag. Arbeidet skal verifisera korvidt berglaga i undergrunnen er eigna til injeksjon og lagring av CO2, melder Petroleumstilsynet.

Equinor, Shell og Total håpar Northern Light kan verta starten på kommersiell produksjon av hydrogen gjennom spalting av norsk gass med utskiljing av CO2 i prosessen.

Les: Planlegg hydrogen-produksjon på Kollsnes

Det aktuelle lagringsområdet for CO2 ligg vest for Trollfeltet i Nordsjøen. Havdjupna på staden er 307 meter.

Boringa vert planlagt å starta i midten av oktober og vil vara i omlag 80 dagar.

Les: Klimaministeren på Kollsnes: -Kostnaden med CO2-fangst må ned

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.