Vedtok reguleringsplan til 14 milliardar

-No må dei få fingeren ut i Oslo.

Eit samrøystes kommunestyre i Øygarden vedtok i dag reguleringsplanen for Northern Light, mottaksanlegget for CO2 på Kollsnes.

Ordførar Børge Haugetun og Ottar Vik viste tomten for CO2-mottaksanlegget til klimaminister Ola Elvestuen (V) då han vitja Kollsnes i august.

-Reguleringsplanen er viktig å ha på plass før den endelege behandlinga i Regjeringa, understreka utvalsleiar Ottar Vik då planen for mottaksanlegget for CO2, Northern Lights, på Kollsnes i dag var opp til 2. gongs behandling i kommunestyret.

Anlegget vil vera sentralt i ein framtidig fullskala kommersiell verdikjede for fangst og lagring av CO2.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Det er oljeselskapa Equinor, Shell og Total som står bak planane.

Les: Planlegg hydrogenproduksjon på Kollsnes

Dette var ein av dei største og tyngste reguleringsplanane den tidlegare ordføraren har vore med på å utarbeida gjennom alle sine år i politikken. Samla investeringsramme vert stipulert til 14 milliardar kroner. Pengar som i så fall må løyvast over Statsbudsjettet.

Sidan planen var opp til første gongs behandling ved årsskiftet har tiltakshavarane mellom anna avklart med Hordland fylkeskommune grensa for kulturminne. Forsvaret har blitt bedt om å uttala seg vedrørande grensa mot øvringsfeltet dei har i Hjeltefjorden, men skal ha overskride fristen for uttale.

-No må dei få fingeren ut i Oslo, sa ordførar Børge Haugetun då det samrøystes vedtaket vart gjort utan debatt i kommuenstyret i Øygarden.

Du kan lesa meir om reguleringsplanen her

Treng straum
Verkeleggjeringa av planen vil også avhenga av at det vert bygd ei tredje høgspentlinje til Øygarden.

-Kommunestyret må senda ein uttale til Statnett om at høgspentlinja bør prioriterast på grunn av klimaomsyn, oppfordra Aud Karin Oen (SV).

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.