Vil setja av fire millionar til vedlikehald

Eindel av bygga i Øygarden som vart reist på 1980-talet har etterkvart eit stort behov for vedlikehald.

Børge Haugetun vil setja av inntil fire millionar til påkravd vedlikehald av offentlege bygg i Øygarden. Arkivbilete.

I eit notat til kommunestyret i Øygarden i dag foreslo ordførar Børge Haugetun å løyva inntil fire millionar til påkravd vedlikehald på kommunale bygg dette året.

Mellom dei vedlikehaldstiltaka som bør gjennomførast medan Øygarden framleis er eigen kommune, er oppgardering av garderobeanlegga ved Toftøy skule, skifta tak på eldresenteret på Rong og oppgradera ventilasjonsanlegget på sjukeheimen.

Kommunestyret tok notatet til etterretning. Formannskapet fekk fullmakt til å vedta dei einskilde prosjekta utover hausten. Tiltaka skal finansierast over disposisjonsfondet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.