Lagar offentleg kai til fem fastbuande

Fjell kommune byggjer ny kai til dei fem innbyggjarane på Langholmen.
(Saka er oppdatert.)

Idyll i Hestvika. Her kjem det ny offentleg kai. Langholmen til venstre i biletet. Høgøy ligg lenger nord.

Bebuarane på den veglause øya i Hjeltefjorden har til no lagt til ved ei flytebryggje utanfor kaien på Brattholmen. Der har dei og hatt garasjar til bilane sine.

Makebyte
Utvidinga av parkeringsplassen ved Brattholmen skule førte til at garasjane måtte vekk.

Som del av eit makebyte med kommunen får øybuane no i staden eit nytt garasjeanlegg i Hestvika, skriv Therese Borgen i samferdselsavdelinga i Fjell kommune i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Offentleg kai
I Hestvika er det under opparbeiding ein ny offentleg kai. Her vil dei fem innbyggjarane på Langholmen få si eiga private flytebryggje.

På naboøya Høgøy er det to fastbuande. Korvidt dei og skal få tillating til å bruka anlegget, er tema for diskusjon, ifølgje Borgen.

Hyttefolk
Langholmen og Høgøy har vore populære hos hyttefolket i over 100 år. Talet på øybuarar aukar vesentleg i sommarmånadane.

Den nye parkeringsplassen ved Brattholmen skule er ferdig.

11 millionar
Bygginga av vegen ned til Hestvika, den nye offentlege kaien og den private båthamna skjer i forlenginga av opparbeidinga av den nye parkeringa ved Brattholmen skule. Samla pris for dei to prosjekta er kalkulert til 11 millionar kroner, ifølgje Borgen.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.