Sund klar for ny utlegging av kommuneplanen

-No skal både fargar og funksjonell strandsone vera rett, hevdar leiar Svein Otto Jacobsen for planutvalet.

Her i Spildepollen vert det planlagt eit heilt nytt kommundelsenter i tilknyting til butikken og den nye skulen, seier leiar for planutvalet Svein Otto Jacobsen.

Planutvalet i Sund trakk i byrjinga av august forslaget til arealdel i kommuneplanen frå den offentlege høyringa. Grunngjevinga var at plankartet ikkje stemte overeins med korleis politikarane meinte det skulle sjå ut.

Les: Sund trekkjer arealdelen til kommuneplanen frå offentleg ettersyn

Neste veke
I neste veke vil planen vera klar for ei ny utlegging, forsikrar planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP).

-No skal både fargar og funksjonell strandsone vera plassert på kartet slik dei skal vera, hevdar utvalsleiaren.

Fortetting
Kommuneplanen legg opp til kring 2.000 nye bustadar. Dei fleste er plassert i tilknyting til Skogsskiftet, Forland, Klokkarvik og Spildepollen.

I Spildepollen skal det byggjast opp eit heilt nytt kommunedelsenter med fleire hundre bustadar og næringsområde i tilknyting til butikken og den nye skulen.

Utvidinga av senterområdet i Skogsskiftet, saman med omfattande planar om bustadbygging på Hammarsland  inneber at dei to bygdene over tid nærast vil veksa saman.

Fjerna
Mindre glade vert nok grunneigarar og utbyggjarar som opplever at dei eldre, vedtekne reguleringsplanane deira no er fjerna frå plankartet avdi dei ikkje har blitt realisert.

-Det ligg ingen store bomber i dette. Vi har samrådd oss med fylkesmannen undervegs, seier Jacobsen og legg til at det vert viktig at innbyggjarane overheld høyringsfreisten, skal planen kunna vedtakast i den noverande kommunen.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.