Prisdryss til Norwegian Gannet

Hav Line Gruppen og Carl-Erik Arnesen fekk fleire prisar for slaktefartøyet Norwegian Gannet under årets Transport og logistikkmesse.

Carl-Erik Arnesen går av som dagleg leiar, men held fram som styreleiar i Hav Line Gruppen AS. Arkivbilete.

Lovorda hagla over det omstridte slaktefartøyet Norwegian Gannet under årets Transport og logistikkmesse på Lillestrøm sist veke.

Les: Slaktebåten får dispensasjon

Nowegian Gannet vart tildelt både transportselskapet DB Schencker sin logistikkpris for 2019 og prisen for Moderne Transport frå fagbladet med same namn.

50 vogntog
Det er Sekkingstad AS og Haugland Gruppen som står bak slaktefartøyet som skal henta laks frå merdene langs Vestlandskysten og slakta han undervegs til terminalen i Hirtshals.

På ein tur kan Norwegian Gannet ta med seg 1000 tonn laks, noko som tilsvarar 50 vogntog.

I verdsklasse
-Norwegian Gannet er i verdsklasse og frammar auka automatisering, betre kvalitet, haldbarheit, og utnytting av restråstoff. Løysinga gjør det mogleg å flytta biomasse til kva som helst anlegg nasjonalt og internasjonalt. Fordelen vil vera reduserte transportkostnadar, tid, svinn, spreiing av fiskesjukdomar og betre dyrevelferd. Norwegian Gannet er eit hybridskip som nytter landstraum. Samla vil båten sin produksjon redusera karbonfotavtrykket med 40–50 prosent. Løysinga vil også føra til 7.500 færre lastebilar på norske vegar i løpet av eit år, grunngjev juryen i DB Schencker tildelinga.

– Vi har levert eit columbi egg. Vi har hatt stor støtte hos sektormyndigheter og i næringa. Vi har blitt politisk motarbeida, så det er særdeles gledelig å få ei anerkjenning som dette, svara  styreleder i Hav Line, Carl-Erik Arnesen.

Prispengane på 50.000 kroner valgte Hav Line å gje til Dyrevernalliansen.

Sjokkbølgjer
-Rederiet Hav Line har med sitt banebrytende skip Norwegian Gannet sendt sjokkbølgjer gjennom norsk oppdrettsnæring. Norwegian Gannet er verdens mest moderne slakteskip, med den tilleggsfunksjonen at skipet også fraktar fisken til marknaden sjøvegen, skriv juryen i Moderne Transport.

Les: Smoked at Sotra

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.