Vil møta dei tilsette på heimebane

Kommunalsjefane for oppvekst, økonomi og organisasjon og digitalisering i nye Øygarden ønskjer tettare kontakt med dei tilsette i Fjell, Sund og Øygarden.

-Ta kontakt med oss, oppfordrar oppvekstsjef Anne-Merete Vabø Haugane på vegne av leiinga i nye Øygarden.

Arbeidet med å straumlinjeforma ein ny og effektiv kommune har vist seg å skapa eindel uventa situasjonar.

Les: Mangla oppdaterte personallister

For å halda prosessen på sporet startar kommunalsjane Anne-Merete Vabø Haugane (oppvekst), Anne Erdal (økonomi) og Sissel-Iren Nesse (organisasjon og digitalisering) denne veka med faste, vekentlege trefftider på rådhusa i kommunane, ifølgje nettstaden til nye Øygarden.

Ni til ti-timen
Trefftilbodet «Ni til ti-timen» har bakgrunn i ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som viser at det er behov for meir og tettare kontakt mellom leiinga i Nye Øygarden kommune og leiarar og andre tilsette i Sund, Fjell og Øygarden.

Meir informasjon
Mange tilsette ønskjer meir informasjon og tett dialog mellom dei tilsette og leiinga i Nye Øygarden kommune, er kommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane overtydd om.

– Vi håpar at desse tiltaka kan sikra meir kontakt og lettare og tettare informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen, seier Vabø Haugane.

– Det er ikkje sikkert vi kan svara på alle spørsmål på sparket, men vi skal uansett koma tilbake med informasjon, seier Vabø Haugane. Ho håpar at dei tilsette tek kontakt, uansett kva dei har på hjartet.

Vekentleg tilbod
Først ut er Fjell. På onsdag denne veka vert dei tre kommunalsjefane å treffa på servicetorget på rådhuset mellom klokka 9.00 og 10.00.

Torsdag til same tid vert dei tre å treffa på kommunehuset i Skogsskiftet, og fredag set dei kursen mot Øygarden.

Dei tre vil verta å treffa på same staden, til same tid, kvar veke framover, ifølgje nettstaden til nye Øygarden.

For å sikra god og rett informasjon ut til dei tilsette, stiller dei tre og gjerne på leiarsamlingar og stabssamlingane til einingsleiarane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.