Bjelland tilkjent millionerstatning

I eit forlik med Fjell kommune vert Frank Bjelland tildelt millionerstatning for feila kommunen har gjort i samband med fastsetjinga av grensemerkjene til eigedomen hans.

-Då ordføraren oppdaga at Fjell kommune hadde gjort ein feil, vart ho veldig lei seg, seier ein svært letta og glad Frank Bjelland etter forliket.

Det var formannskapet i Fjell som i eit lukka møte sist torsdag vart samde om vilkåra for å inngå eit forlik med Frank Bjelland.

Sjølve innhaldet i forliket er hemmeleg. Frank Bjelland bekreftar imidlertid ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no at han har inngått eit forlik med Fjell kommune, og at han er tildelt eit sjusifra beløp i erstatning.

Bjelland får likevel ikkje tilbake det arealet han meinar tilhøyrer han, og som han har kjempa for i meir enn ti år.

Les: Bjelland tapte i Jordskifteretten

Ordknapp
Ein svært ordknapp ordførar Marianne Sandhal Bjorøy i Fjell bekreftar ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no at partane har inngått ein avtale.

-Vi har inngått eit forlik med Bjelland. Eg har ikkje noko å tilføra utover det, skriv Sandahl Bjorøy i ein sms etter at nettavisa Tunnelsyn.no forgjeves har forsøkt å nå henne på telefon.

Nøgd
-Eg er svært nøgd med utfallet av forliket, seier Frank Bjelland.

I alle desse åra har Bjelland kjempa mot Fjell kommune og naboane på Anglevik om fastsetjinga av nokre av grensemerkjene til eigedomen hans. I ein fortvila kamp med tidvis høg temperatur og sterke skuldingar mot einskilde av kommunen sine tilsette, har Bjelland heile tida halde fast på at Fjell kommune gjorde ein feil under ei kartforretning tilbake på 1990-talet.

Les: Vurderer Bjelland-varsel om mogeleg korrupsjon

Bjelland har tapt grensetvisten både i Tingretten og i Lagmannsretten. Då Jordskifteretten behandla saka i vår dukka det imidlertid opp nokre dokument som Fjell kommune heile tida har påstått ikkje fantes.

Ordføraren vart lei seg
Dei attfunne dokumenta snudde ikkje utfallet i Jordskifteretten i Bjelland sin favør. Informasjonen var likevel av ein slik art at det var råd å dokumentera at Fjell kommune hadde gjort noko gale, seier Bjelland.

-Då ordføraren oppdaga det, vart ho veldig lei seg, legg Bjelland til. I eit brev tidlegare i sommar ba ordføraren om unnskyldning for at han ikkje hadde fått desse dokumenta tidlegare. Både rådmannen og kommuneadvokaten hadde underteikna brevet.

-Det har vore ein skikkeleg kamp. Eg trur ikkje dei har skjønt kor viktige desse dokumenta har vore. No er eg berre kjempeglad, men det skulle ikkje ha behøvd å ta så lang tid å få ordna opp, seier Bjelland.

Vil gå vidare
No håpar Bjelland at det også skal vera råd å koma til ei ordning med naboane om innkøyrsla hans og naboen sin garasje, slik at han og familien hans kan leggja saka bak seg og gå vidare.

– Dette må Fjell kommune ta lærdom av. Eg håpar noko slikt aldri skjer igjen, seier Bjelland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.