Vil stoppa handelslekkasjen til Straume

Med utsikt til to nye bomringar på den framtidige motorvegen mot Bergen bør det vera ei einkel sak å henta heim 90 millionar kroner av handelslekkasjen frå Sund, tenkjer Ove Forstrønen. No planlegg Rema 1000-kjøpmannen å byggja eit heilt nytt handlesenter i Skogsskiftet.

-Her kjem det nye senteret i Skogsskiftet, viser Ove Forstrønen.

Det meste skjer i turbofart med Forstrønen. Handelsmannen snakkar på inn- og utpust, jobbar lange dagar og no tenkjer han å byggja eit heilt nytt handlesenter i Skogsskiftet. Eit senter som skal stå ferdig innan tre år.

Den unge handelsmannen starta sin første Rema 1000-butikk i 1992 nettopp i Skogsskiftet. 30-årsjubileet håpar han å kunna feira med å innvia eit heilt nytt handlesenter på 10.000 kvadratmeter fordelt på to etasjar tvers over vegen for den første butikken.

I mellomtida har han mellom anna vore med på å etablera – og selja – Sartorparken på Straume. I Skogsskiftet skal han reinvestera noko av gevinsten.

Har det travelt
Strategien fram mot opningsfesten er brulagt med hårete delmål. Reguleringsplanen for senterutbygginga vert lagt ut på høyring i desse dagar, saman med forslaga til ny arealplan for Sund og til kommunedelplan for Skogsskiftet.

Politikarane i Sund har det travelt. Målet er å få alle dei tre planane vedtekne medan Sund framleis er eigen kommune, seier leiar Svein Otto Jacobsen for planutvalet.

Les: Sund klar for ny utlegging av kommuneplanen

Neste mål for handelsmannen vert å auka daglegvareomsetninga i kommunedelsenteret til 200 millionar årleg. Ein auke på vel 40 prosent samanlikna med dagens samla omsetning på 140 millionar.
-Målet bør vera realistisk, sett i lys av at handelslekkasjen frå Sund over kommunegrensa til Straume utgjer 90 millionar kroner, seier Forstrønen.

Indrefileten
Brennsikker på å få det til har Forstrønen gjennom Skogsleitet AS alt investert i to tomtar på til saman åtte mål i kommunesenteret i Sund. Brannstasjonen, NAV og Fuzzy Dize skal vika plassen for noko større.

-Indrefilèten i Skogsskiftet, hevdar Forstrønen sjølv.

Meir sentralt er det vanskeleg å få det: Hovudvegen sørover mot Klokkarvik og Austefjorden ligg på eine sida, bussterminalen vert liggjande på den andre. Under taket på det nye senteret håpar han å få til ein avtale med Vestland fylkeskommune om ei innfartsparkering med 100 – 150 plassar, til erstatning for dagens avtale.

Slik tenkjer arkitekt Rolv Eide seg at det nye senteret i Skogsskiftet kan verta sjåande ut.

Alt dei treng
Berre ei miljøgate med lite trafikk skal skilja senteret frå bussterminalen. Eit torg skal koma der bussoppstillinga ligg i dag. Bussane treng ikkje stå parkert midt i sentrum. Når dei ikkje køyrer skal dei flyttast til eit område nærare Hammersland. Der skal også den nye brannstasjonen plasserast, saman med eit felles servicebygg, ifølgje Jacobsen.

Førsteetasjen i det nye senteret skal få eit variert utval med butikkar og restaurantar på gateplan, med opne fasadar ut mot det nye torget og bussterminalen. Slik håpar dei å kunna skapa aktivitetar, liv og røre i området også i helgane.

Sundsokningane skal kunna køyra til senteret i Skogsskiftet, parkera bilen og ta bussen på arbeid og til byd`n. På vegen heim att skal dei kunna stikka innom senteret og handla med seg alt dei treng før dei hentar bilen på innfartsparkeringa og køyrer heim, forklarar Forstrønen.

– Mange butikkeigarar vil finna det attraktivt å etablera seg i Skogsskiftet, hevdar utbyggjaren.

Eldstebornet Sophie Boye Forstrønen (21) studerer varehandel på BI og kan ikkje tenkja seg ei anna framtid enn å fortsetja i pappa Ove sine fotspor. Ho er tiltenkt ei sentral rolle i utviklinga og drifta av det nye senteret i Skogsskiftet, seier pappa Ove.

I første omgang planlegg han å få til avtale med 3 – 4 store leigetakarar. Kven det er ønskjer han ikkje å seia så mykje om, enno. Saman med elstebarnet Sophie Boye Forstrønen (21) er han i full gang med å kartleggja aktuelle leigetakarar og få idear til nye og interessante konsept.

Gangavstand
Den nye kommuneplanen legg opp til ei fortetting av bustadar kring kommunesenteret, både nordover mot Fjell og sørover mot Hammersland. Saman med dei 40 – 50 bustadane som vert planlagt på toppen av senteret vil det gje 700 – 800 bustadar innan ein avstand på eitpar kilometer, ifølgje Jacobsen.

Handelsmannen delar utvalsleiaren si klokketru på at det nye Sotrasambandet er det som skal til for å setja fart i folkeveksten i nye Øygarden.

-Utsikten til to nye bomstasjonar på den nye motorvegen mot Bergen vil føra til at folk køyrer mindre bil, og at dei vil handla meir lokalt, seier Forstrønen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.